Kai Siegbahn
Kai Manne Börje Siegbahn (20. april 1918–20. juli 2007) var ein svensk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1981 saman med Nicolaas Bloembergen og Arthur Schawlow for bidraga deira til utviklinga av spektroskopi.
Kai Siegbahn | |||
| |||
Fødd | Kai Manne Börje Siegbahn 20. april 1918 Lund i Skåne | ||
---|---|---|---|
Død | 20. juli 2007 (89 år) Ängelholm | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Område | fysikk, eksperimentell fysikk, spektroskopi | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Kungliga Tekniska högskolan Uppsala universitet | ||
Alma mater | Stockholm universitet | ||
Kjend for | Elektronspektroskopi | ||
Barn | Per Siegbahn, Hans Siegbahn | ||
Medlem | Det pavelege vitskapsakademiet National Academy of Sciences Kungliga Vetenskapsakademien Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Academia Europaea |
Nobelprisen i fysikk
1981
Kai Siegbahn var son av Manne Siegbahn, som sjølv fekk Nobelprisen i fysikk i 1924, bror til Bo Siegbahn og far til Per Siegbahn og Hans Siegbahn.
Siegbahn studerte i Uppsala og vart der fil.kand., for seinare å disputere og bli Ph.D i fysikk og dosent. Han var professor ved den tekniske høgskulen i Stockholm frå 1951 til 1954 og opprettheldt sidan stolen til faren i eksperimentell fysikk ved Universitetet i Uppsala frå 1954 til 1984.
Kai Siegbahn vart innvalt som representant av Kungliga Vetenskapsakademien i 1958 vart representant av Ingenjörsvetenskapsakademien i 1968.