Kailasafjelllet

(Omdirigert frå Kailasj)

Kailasafjelllet er eit fjell nord i Himalaya med ei viktig tyding innan hinduismen, djainismen, buddhismen og bön. Fjellet ligg vest i Tibet som er styrt av Folkerepublikken Kina. Det er ein viktig pilegrimsstad for tibetanarar og utanlandske hinduar.

Kailasa
Kailas, Kailash,
Kailasha, Kailasja
fjell
Kailash Tibet edited.jpg
Land Flag of Tibet.svg Tibet
Høgd 6 638 moh.

Kailasafjelllet
31°4′1″ N 81°18′46″ E
Kailasa i Himalaya
Kailasa i Himalaya
Wikimedia Commons: Mount Kailash

Religiøs tydingEndra

I hinduismen er Kailasa rekna som heimen til guden Sjiva, som sit der i meditasjon med maken sin Parvati og sønene deira Skanda og Ganesja. Fjellet er også rekna som sete for rikdomsguden Kubera.

I den tradisjonelle tibetanske religionen bön har fjellet stor andeleg kraft. I tibetansk buddhisme var det her Milarepa sigra over bön-forkjemparen Naro Bön-chung og innførte buddhismen i Tibet. Milarepa skal ha vore det siste mennesket som var på toppen av fjellet; ingen har klatra til toppen av det.

Fjellet ligg nær kjelda til fleire av dei lengste elvene i Asia, som også er viktige heilagdommar: Indus, Sutlej, Brahmaputra og Karnali (ei bielv til Ganga).

I Ellora i Maharashtra i India ligg Kailasa-tempelet frå 700-talet. Det er eit frittståande monolittisk bygg meislet ut av granittfjell, og er eit bilete på Sjiva sitt paradis.

KjelderEndra