Fatimide-kalifatet
Fatimide-kalifatet (arabisk: الفاطميون, al-Fāṭimiyyūn) var eit sjia-kalifat, som strekte seg over store område av Nord-Afrika, frå Raudehavet i aust til Atlanterhavet i vest. Dynastiet styrte over Middelhavkysten av Afrika og gjorde etter kvart Egypt til senteret i kalifatet. På det mektigaste omfatta det òg forskjellige område av Maghreb, Sudan, Sicilia, Levanten og Hijaz.
الدولة الفاطمية al-Fāṭimiyyūn Det fatimidske islamske kalifatet | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Fatimide-kalifatet på det mektigaste, kring 1000. | ||||
Hovudstad | Mahdia (909–948) Al-Mansuriya (948–973) Kairo (973–1171) | |||
Språk | Arabisk (offisielt) Berbersk, koptisk | |||
Religion | Sjiaislam (Ismailisme) | |||
Styreform | Islamsk kalifat | |||
Kalif | ||||
- 909–934 (første) | al-Mahdi Billah | |||
- 1160–1171 (siste) | al-Adid | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Oppretta | 5. januar 909 | |||
- Grunnlegginga av Kairo | 8. august 969 | |||
- Opphøyrde | 1171 | |||
Areal | ||||
- 969[1] | 4 100 000 km² | |||
Innbyggjarar | ||||
- est. | 6 200 000 | |||
Valuta | Dinar | |||
I dag ein del av |
Fatimidane var etterkomarar etter Fatimah, dotter til profeten Muhammed, i følgje fatimidane sjølv. Fatimide-staten tok form blant dei berberske Kutama, folket i Algerie. I 909 grunnla fatimidane den tunisiske byen Mahdia som hovudstaden sin. I 947 flytta dei hovudstaden til Al-Mansuriya. I 969 erobra dei Egypt og grunnla den nye byen Kairo, som vart hovudstad i kalifatet. Egypt vart då det politiske, kulturelle og religiøse senteret i staten.
Den herskande eliten i staten høyrte til Ismaili-greina av shiismen, og det same gjorde leiarane i dynastiet. Dei var òg ein del av rekkja som var kalifar, som anerkjent av ortodokse muslimar. Derfor er dette ein sjeldan periode i historia der etterkomarar etter Ali, via dottera til profeten, Fatimah (derfor namnet fatimidar), og kalifatet var samla til ein viss grad, utanom den siste perioden av Rashidun-kalifatet under Ali sjølv.
Kalifatet utøvde ofte stor religionsfridom mot ikkje-ismailiske sekter av islam, i tillegg til respekt for jødane, maltesiske kristne og koptiske kristne.[2] Fatimide-kalifatet skilde seg òg på grunn av den sentrale rolla til berberane i den første oppretta og utviklinga av militære og politiske nivå.
I løpet av seint på 1000-talet og 1100-talet var Fatimide-kalifatet i nedgang, og i 1171 vart landet invadert av Ṣalāḥ ad-Dīn, som grunnla Ayyubide-dynastiet og innlemma staten i Abbaside-kalifatet.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fatimid Caliphate» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Turchin, Peter; Adams, Jonathan M.; Hall, Thomas D (December 2006). «East-West Orientation of Historical Empires» (PDF). Journal of world-systems research 12 (2): 219–229. Arkivert frå originalen (PDF) 22. februar 2007. Henta 9 January 2012.
- ↑ Wintle, Justin (May 2003). History of Islam. London: Rough Guides Ltd. s. 136–7. ISBN 1-84353-018-X.
- ↑ Baer, Eva (1983). Metalwork in Medieval Islamic Art. SUNY Press. s. xxiii. ISBN 9780791495575. «In the course of the later eleventh and twelfth century, however, the Fatimid caliphate declined rapidly, and in 1171 the country was invaded by Ṣalāḥ ad-Dīn, the founder of the Ayyubid dynasty. He restored Egypt as a political power, reincorporated it in the Abbasid caliphate and established Ayyubid suzerainty not only over Egypt and Syria but, as mentioned before, temporarily over northern Mesopotamia as well.»