Kaisa Mäkäräinen

Kaisa Leena Mäkäräinen (fødd 11. januar 1983) er ein finsk skiskyttar frå Ristijärvi i Kajanaland, som vann verdscupen i skiskyting i 2011 og på ny i 2014. Ho vart verdsmeister i jaktstart-øvinga i 2011 og tok i alt tre VM-medaljar i 2011 og 2012, ei i kvar valør.

Kaisa Mäkäräinen


Statsborgarskap Finland
Fødd 11. januar 1983 (41 år)
Ristijärvi
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, VM i skiskyting 2011, VM i skiskyting 2012, Ski-VM 2013, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Kaisa Mäkäräinen i 2012

Aktiv endre

Mäkäräinen fekk sin internasjonale debut i VM i skiskyting 2005. Den 3. desember 2010 tok ho sin fyrste siger i eit verdscuprenn då ho vann sprinttevlinga i Östersund. Trass i at ho sidan i 2011-sesongen vann berre to nye renn i verdscupen, vart ho den fyrste finske skiskyttaren som gjekk heilt til topps i kampen om å vere beste utøvar gjennom ein sesong. Ho vann både totalt og i den såkalla jaktstartcupen. Den tredje og siste renn-sigeren kom elles då ho vann jaktstarten i VM 2011 i Khanty-Mansijsk, grunnlaget for gullmedaljen la ho då ho dagen i førevegen tok sølvmedaljen i sprint-tevlinga.

I 2012-sesongen enda Mäkäräinen på fjerdeplassen i verdscupen i skiskyting, etter mellom anna å ha vunne to tevlingar. Under verdsmeisterskapen i Ruhpolding tok ho bronsemedaljen på fellesstarten. Sesongen etter lukkast ho ikkje å vinne noko tevling i verdscupen, men oppnådde seks pallplasseringar og vart nummer fem i verdscupen 2013.

Gjennom OL-sesongen 2014 gjorde Mäkäräinen mange gode tevlingar, lenge utan å gå til topps i noko renn. Ei heller lukkast ho å vinne nokon OL-medalje. På seinsesongen kom ho derimot sterkt tilbake. Ho vann då jaktstarten i Pokljuka og tok over leiinga i verdscupen frå norske Tora Berger. Deretter imponerte ho stort då ho vann alle tre tevlingane på finsk heimebane i Kontiolahti. Trass i svakare prestasjonar under avslutninga av verdscupen i Holmenkollen, sikra ho sigeren i verdscupen i skiskyting for 2014-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar