Kaj Gabriel Franck (9. november 191126. september 1989) var ein finsk formgjevar.

Kaj Franck

Statsborgarskap Finland
Fødd 9. november 1911
Viborg
Død

26. september 1989 (77 år)
Santoríni

Yrke designar, universitetslærar, tekstilkunstnar, biletkunstnar, glasskunstner
Språk finsk
Kaj Franck på Commons

Kaj Franck vart fødd i Viborg i Finland. Han utdanna seg ved kunstindustriskulen i Helsingfors1930-talet, der vart han utdanna som møbelformgjevar. Etter skulen tok han seg arbeid ved ein tekstilforretning, ved sida av arbeidet der formgav han nokre få møblar som skulle vise seg å verte storparten av hans møbelproduksjon. I 1937 vart han tilsett som leiar ved tekstilveksemda Yhdistyneet Villatehtaat Oy, kort tid etterpå bytte han arbeidsstad til Artek.

I 1945 byrja Franck ved Arabia. Året etter, 1946, vart han med i ei tevling Iittala lyste ut i dekorativ glasformgjeving. Der vann han både andre- og tredjepremien medan Tapio Wirkkala vann førstepremien. Etter det arbeidde han for Iittala eit par år før han vart overført til Nuutajärvi i 1950, der formgav han både bruksglas og kunstglas.

Samtidig med arbeida for Iittala og Nuutajärvi fortsette han arbeidet som formgjevar og kunstnarleg leiar for Arabia. I 1953 vart den nye serien Kilta lansert derfrå. Det var ikkje eit vanleg servise, tanken var at folk ikkje skulle kjøpa eit heilt servise, dei skulle kjøpa akkurat dei delane dei trong i akkurat dei fargane dei ville ha, og gjerne blanda dei med delar frå andre servise. Delane i Kilta vart laga slik at dei kunne brukast til fleire formål, slik at ein ikkje trong så mange forskjellige deler som skulle ta opp den dyrebare plassen i dei tronge kjøkenskåpa i moderne husvære. Unødvendige handtak var det heller ikkje på Kilta-delane, og bremmen på tallerkane vart også forminska. Delane skulle vere stablevenlege. Kilta vart laga i eldfast fajansegods og kom i ulike einsfarga utgåver (mellom anna gul, grøn, svart, kvit og blå).

Kaj Franck arbeidde også som lærar ved Universitetet for kunst og design i Helsingfors.

Han døydde i Santoríni i Hellas.

Prisar og premiar endre

eit utval

  • 1951 Gullmedalje ved Triennalen i Milano
  • 1954 Diplome d'honneur, Triennalen i Milano
  • 1955 Lunningprisen
  • 1957 Grand Prix, Triennalen i Milano
  • 1957 Compasso d'Oro

Samlingar Kaj Franck er representert ved endre

mellom anna

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre