Vyborg
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Viborg i Danmark.
Vyborg[a] er ein by i Leningrad oblast i Russland, i ein del av det området som Finland måtte avstå til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Vyborg ligg ved Finskebukta på Det karelske neset. Hovudgata i Vyborg er Lenina prospekt, under finsk styre vart gata kalla Torgilsgatan / Torkkelinkatu.
Viborg | |||
Вы́борг | |||
by | |||
Vyborg i 2012.
Foto: Alexander Savin | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Leningrad | ||
Areal | 160,847 km² | ||
Folketal | 71 279 (2024) | ||
Grunnlagd | 1293 | ||
• Bystatus | 1403 | ||
Postnummer | 188800-188811 | ||
Retningsnummer | +7 81378 | ||
Bilnummer | 47 | ||
![]() Viborg 60°42′38″N 28°44′59″E / 60.710555555556°N 28.749722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Vyborg |
Historie
endreVyborg vart grunnlagd av Torgils Knutsson i 1293 som ein del av den svenske ekspansjonen austover, i sentrum av ein gamal karelsk busetnad og eit handelssentrum frå 900-talet. Etter den store nordiske krigen, i tida frå 1721 til 1812, var byen ein del av Russland, då grensa mellom Finland og Russland vart dregen på nytt, aust for Vyborg.
Etter at Finland vart sjølvstendig i 1917 var Viborg den tredje største byen i riket, med rykte på seg som ein internasjonal by. Sovjetunionen klarte aldri å okkupere Viborg, men i Moskvafreden etter den finske vinterkrigen måtte Finland gje frå seg det karelske neset, og dimed Viborg òg, til Sovjetunionen. Deretter tok Finland Viborg attende, i 1941, før dei måtte gje frå seg byen på nytt 1944 i slutten av den finske framhaldskrigen. Ved Parisfreden 1945 vart byen sovjetisk. Innbyggjarane vart evakuerte, hovudsakleg til Lahti, og Sovjetunionen folkesette byen med eigne borgarar.
I dag
endreDagens Vyborg er eit populært turistmål blant finnar, og det er lett å reise til Vyborg både med buss og tog. Byen har gamle finske bygningar i temmeleg dårleg forfatning, det mest kjende er Vyborg bibliotek, teikna av Alvar Aalto. Byen er prega av at han ligg nær grensa, på ein blindveg i sovjettida, med grensevakter og industriarbeidarar som dominerande yrkesgrupper.
Kjende stader
endreDen viktigaste kjende staden er Vyborg slott frå slutten av 1200-talet. Rundt byen var det òg, som den einaste finske byen, ein mellomaldermur, som vart riven på 1800-talet, men der delar står att, mellom anna Rådhustårnet og Rundetårnet.
Merknader
endreKjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |