Kurt Willy Oddekalv (27. juli 195711. januar 2021) var ein norsk miljøvernar og miljøaktivist. Han var aktiv i Norges Naturvernforbund, men vart ekskludert gjennom ei avrøysting etter intern usemje i 1993.[1] Han skipa deretter Norges Miljøvernforbund som han leidde frå oppstarten i 1993 og fram til han døydde.[2]

Kurt Oddekalv

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. juli 1957
Finnsnes
Død

11. januar 2021 (63 år)
Kalandseid

Yrke miljøvernar, byggmeister
Kurt Oddekalv på Commons

Oddekalv var utdanna tømrar. Før Oddekalv vart miljøvernar på heiltid tidleg på 1990-talet, arbeidde han ti år som byggmeister. Han var òg innom Heimevernet. Då han var i militæret vart han sersjant og var ein periode befal for seinare statsminister Jens Stoltenberg.[3]

Oddekalv avslørte i 2015 at han trudde på chemtrails.[4] Han har òg stilt seg skeptisk til vaksinar og EMF-stråling.[5][6] Dei seinare åra av livet sitt leid han av fleire slag og trekte seg gradvis frå media.

Oddekalv døydde 11. januar 2021 etter å ha falle gjennom isen på Bahusvatnet nær heimen sin i Bergen kommune. Han vart 63 år gamal.[7][8]

Kjelder endre

  1. «Stort flertall for å kaste ut Oddekalv». Aftenposten. 23. juni 1993. s. 4. 
  2. «17 år med eget forbund». Bergens Tidende. 14. desember 2009. s. 5. 
  3. Intervju i tidsskriftet Megafon, Bergen, februar 2009
  4. «– Jeg vet at det har blitt sprayet mye». Telemarksavisa. 8. mai 2015. 
  5. «Vaksineskeptikere mot vaksinelegen». Bergensavisen. 21. februar 2015. 
  6. «Oddekalv har alliert seg med ekstreme!». Vepsen. 24. juli 2013. 
  7. «Miljøaktivisten Kurt Oddekalv er død». Document. 11. januar 2021. Henta 12. januar 2021. 
  8. «Kurt Oddekalv gikk gjennom isen og døde». VG. 11. januar 2021. Henta 12. januar 2021.