Opna hovudmenyen
Nesttun stasjon i 1907
Foto: Anders Beer Wilse
Stend stasjon
Foto: Jan-Tore Egge
Gamle Os stasjon ved Osøyro.

Nesttun-Osbanen var ein privat smalspora jarnbane med 750 mm sporvidd som gjekk mellom Nesttun stasjonNesttun i Fana og Osøyro i Os. Banen vart opna i 1894 og nedlagt i 1935 på grunn av at drifta ikkje var lønsam.

Mykje av traseen kan framleis sjåast i terrenget, og er på lange strekningar gjort om til gang- og sykkelveg. Stasjonbygningen på Stend og nokre vogner er teke vare på som eit lite museum.

På Nesttun hadde banen stasjon saman med den dåverande Vossabanen (Bergensbanen), som gav samband til Bergen sentrum. Men då sporvidda var mindre på Osbanen enn på Vossabanen, som hadde normalspor, måtte gods lastast om og passasjerar skifte tog.

Nesttun-Osbanen hadde stasjonar på Nesttun, Skjold, Rådal, Stend, Solbakken, Fana (ved krysset Titlestadvn/Kvernbabekkvn), Hamre, Kismul og Kalandseidet i Fana, og på Søfteland, Ulven, Kuven og Osøyro i Os.

LinekartEndra

Teiknforklaring
    Bergensbanen (Vossabanen) frå Bergen
    0,00 km Nesttun (1872) 31,4 moh.
    til Arna
  Skjold 52,0 moh.
  4,30 km Rådal (1894) 42,0 moh.
  6,60 km Stend (1894) 60,0 moh.
  Solbakken 53,0 moh.
  8,60 km Fana (ved krysset Titlestadvn/Kvernabekkvn, 1894) 53,0 moh.
  9,90 km Hamre (1894) 54,0 moh.
  Kismul 64,0 moh.
  15,10 km Kalandseidet (1894) 75,5 moh.
  18,30 km Søfteland (1894) 56,0 moh.
  23,30 km Ulven (1894) 43,0 moh.
  25,30 km Kuven (1894) 22,5 moh.
  26,30 km Osøyro (1894) 3,0 moh.

BakgrunnsstoffEndra