Haugland i Fana
(Omdirigert frå Hauglandsdalen)
Haugland er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Hauglandsvatnet, nordaust for Kalandseidet.
Haugland | |||
stad | |||
Haugland
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 70 | ||
Ferdselsårer | Fv164 Hausdalsvegen | ||
Wikimedia Commons: Haugland, Fana |
Det er framleis gardsdrift på garden.
Historie
endreGarden høyrte i til Lyseklostergodset. Sidan 1873 har garden vore i bondesjølveige.
Geografi
endreGarden ligg i Hauglandsdalen på nordvestsida av det langstrekte Haudlandsvatnet. Solbakkafjellet (458 moh) ligg nordvest for garden.
Garden grensar til Fjelltveit i nordaust og Gimmeland i nordvest. I vest ligg Almeland og i sørvest Austevoll. Engevik ligg i sør, og i søraust ligg utmarkene til Stigen, Nedre Sandven og Øvre Sandven, samt ein liten bit av kommunegrensa mot Os kommune.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.