Kalkunkondor

fugleart
Kalkunkondor
Kalkunkondor i Miami, Florida, USA Foto: Flickr-brukar Dori
Kalkunkondor i Miami, Florida, USA
Foto: Flickr-brukar Dori
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kalkunkondor
Utbreiinga av Kalkunkondor
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Kondorar Cathartidae
Slekt: Cathartes
Art: Kalkunkondor C. aura
Vitskapleg namn
Cathartes aura

Kalkunkondoren (Cathartes aura) er den kondoren som har vidast utbreiingsområde av alle medlemmar i kondorfamilien, der han er ein av tre artar i slekta Cathartes. Leveområdet spenner frå det sørlege Canada til den sørlegaste spissen av Sør-Amerika. Han er ein åtseletar som lever i ei rekke opne og halvopne område, inkludert subtropiske skogar, buskmark, beitemarker og ørkenar innanfor utbreiingsområdet.

Skildring endre

 
Kalkunkondorar har relativt større vengeflate per kroppsmasse enn andre kondorar
Foto: Charles J. Sharp

Kalkunkondoren er ein stor fugl, men liten medlem i kondorfamilien med eit vengespenn på 160–183 cm, ei kroppslengde på 64–81 cm, og kroppsmasse på rundt 2 kilogram. Fuglar nord i utbreiingsområdet til arten er gjennomsnittleg større enn kondoren frå neotropane. Kjønna er identiske i fjørdrakt, og nesten like i storleik, i gjennomsnitt er hoer minimalt større. Kroppsfjørene er for det meste brunsvarte, men svingfjørene på vengene ser ut til å vere sølvgråe på undersida, godt synleg i flukt i kontrast til dei mørkare undervengdekkfjørene. Hovudet er lite i forhold til kroppen og har raud, berr hud med få eller inga fjører. Nebbet er relativt kort, kroka og lyst elfenbeinsfarga. Irisane i auga er gråbrune. Beina har rosa hud, kan framstå som lyse og nesten kvite ned mot føtene.[1][2]

Dette er ein åtseletar og han lever nesten utelukkande på dyrekadaver. Han finn maten sin ved hjelp av skarpt syn og god luktesans, og flyg lågt nok til å lukte dunst frå byrjande rotningsprosessar i daude dyr.[3] Under flukta bruker han termikk for å få løft i lufta, og slår sjeldan med vengene. Dei samlar seg for overnattig i store grupper. Ettersom dei manglar syrinx – stemmeorganet til fuglane – er den einaste vokalisering grynting eller låge kves.[4] Han hekkar i hòler, hole tre eller kratt. Kvart år oppdrar paret vanlegvis to ungar. Han har svært få naturlege predatorar.

Kalkunkondoren finst i opne og halvopne område over heile Amerika frå Sør-Canada til Kapp Horn, inkludert Karibia og Falklandsøyane. I Canada og USA, unntatt dei søraustlege statane, er han vanlegvis ein trekkfugl som kan trekke så langt sør som Sør-Amerika.[3] Kalkunkondoren er utbreidd over nesten alle amerikanske habitat, men han er oftast funnen i relativt opne område som ligg side om side med skog, som er viktig både for hekking og rasting. Vidare unngår kalkunkondorar generelt lukka skogkledde område som kan hemme evna deira til å flyge og har ein tendens til ofte å favorisere åsområde eller låge fjellområde som gjer det lettare å fange oppdrift med mindre innsats. Dei lever helst under 3000 moh., og vanlegvis langt lågare.[5]

Arten har ein stabil populasjonsstorleik og er kategorisert som livskraftig av IUCN.[6]

Kjelder endre

Referansar
  1. Terres, J. K. (1980). The Audubon Society Encyclopedia of North American Birds. New York, NY: Knopf. s. 959. ISBN 0-394-46651-9. 
  2. Kirk, D. A. og M. J. Mossman (2020). Turkey Vulture (Cathartes aura), version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole og F. B. Gill, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.turvul.01
  3. 3,0 3,1 Attwood, E. «Cathartes aura». Animal Diversity Web. University of Michigan Museum of Zoology. Henta 7. november 2021. 
  4. Miskimen, Mildred (January 1957). «Absence of Syrinx in the Turkey Vulture (Cathartes aura (PDF). The Auk 74 (1): 104–105. JSTOR 4082043. doi:10.2307/4082043. Henta 7. november 2021. 
  5. Hilty, Stephen L. (1977). A Guide to the Birds of Colombia. Princeton University Press. s. 87. ISBN 0-691-08372-X. 
  6. BirdLife International (2021) Species factsheet: Cathartes aura. Henta 7. november 2021

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Cathartes aura
  Commons har multimedium som gjeld: Kalkunkondor