Kallskaret naturreservat

Kallskaret naturreservat er ein verna geologisk førekomst over Tafjord i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Verneområdet dekkjer om lag 900 dekar og ligg på rundt 950 moh. Landskapet er kjenneteikna av pilarar av olivin på opptil to meter. Det er sparsamt med vegetasjon på den ørkenaktige raud-gulbrune grunnen. Reservatet er heilt omgjeve av Geiranger-Herdalen landskapsvernområde, og alt ligg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.[1]

Kallskaret naturreservat
naturreservat
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Fjord kommune
Kart
Kallskaret naturreservat
62°12′58″N 7°22′48″E / 62.216°N 7.38°E / 62.216; 7.38

Førekomsten inneheld granat-pyroksenitt og granatperidotitt (feilaktig kalla eklogitt) som dannar lag i olivinstein, dunitt. Bergartane vert rekna som vakre og har høg vitskapleg verdi. Dei vert nytta som referanse for tidlegare publiserte arbeid og vert framleis forska på. Området har ein gulbrun forvitringsfarge. Ein har mellom anna utsikt mot ein høg stake eller ei nål i olivinstein kalla Kallen og eit parti av kvit anortositt.

I førhistorisk tid har det gått store fjellras ned mot Tafjord.

Kjelder endre

  1. Forvaltningsplan Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine. Fylkesmannen/Fylkeskommunen, Møre og Romsdal, 2008, PDF lasta ned 1.mars 2014.

«Kallskaret» i Store norske leksikon, snl.no.