Kameleonar
(Omdirigert frå Kameleon)
Kameleonar (frå gresk chamai, 'jord' og leon, 'løve', altså 'jordløve'; vitskapleg namn Chamaeleonidae) er øgler som lever av insekt og i nokre tilfelle planter. Dei er kjende for å skifte farge etter omgjevnadene eller når dei blir opphissa. Dei lever i alle biotopar, frå tett jungel på Madagaskar til sanddyner i Afrika. Det finst om lag 100 artar i Afrika, India, Pakistan og ein art i Europa.
Kameleonar | |
Kameleon-arten Dilepis petersi | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av kameleonar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Overorden: | Lepidosauria |
Orden: | Skjelkrypdyr Squamata |
Underorden: | Iguania |
Familie: | Kameleonar Chamaeleonidae Rafinesque, 1815 |
Dei fleste blir mellom 30 og 50 cm lange, men kan bli opptil 70 cm. Nokre artar blir berre 5 cm. Kameleonar har tangforma lemmar og gripehale. Augo rører seg uavhengig av kvarandre.