Kamerunfjellet

Kamerunfjellet er eit fjell som er ein av dei største og mest aktive vulkanane i Afrika. Det er det høgaste fjellet i Kamerun, og ligg i nærleiken av kysten inst i Guineabukta. Det høgaste punktet blir kalla Fako. Fjellet ligg på Kamerunlinja, ei lang kjede av vulkanske fjell som strekker seg ut i Guineabukta og omfattar fleire øyar der, som São Tomé og Príncipe. På den sørlege hellinga av fjellet, mot kysten, er tvillingtoppen Etinde, som også er kjend som Vesle Kamerun.

Kamerunfjellet
fjell
Mount Cameroon from Tiko.jpg
Land Flag of Cameroon.svg Kamerun

Kamerunfjellet
4°13′0″ N 9°10′21″ E
Wikimedia Commons: Mount Cameroon

I det 5. hundreåret f.Kr. observerte den kartagiske navigatøren Hanno eit vulkanutbrot her. Fjellet hadde utbrot seks gongar på 1900-talet. I 1922 nådde ein lavastraum heilt til Guineabukta, og i 1999 stoppa ein straum berre 200 meter frå kysten. Nylege utbrot var i 1999, 2000 og 2012.

Kvart år held ein løpet Mount Cameroon Race of Hope til toppen av fjellet. Dei beste når toppen på 4 timar og 45 minutt. Turistar som vil klatra til toppen, må ha med ein guide.[1]

KjelderEndra

  1. «Cameroon Consulate - Mount Cameroon». Arkivert frå originalen 2016-03-01. Henta 3. mai 2016.