Kamil Øzerk
Kamil Øzerk (fødd 8. oktober 1954) er ein tyrkisk-norsk pedagog og professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo.
Kamil Øzerk | |||
Fødd | 8. oktober 1954 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg, Nord-Kypros | ||
Yrke | professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Øzerk vart fødd på Kypros. Han har lærarutdanning og lærarrøynsle. Han vart cand. paed. i 1986.
Han fekk dr. polit graden i 1992 ved Universitetet i Oslo, og vart førsteamanuensis i 1996 og professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo i 2002. Han har hatt bistilling / ein professor II-stilling ved Samisk høgskule sidan 2002.
Øzerk har vore med på å utvikla Mønsterplanen av 1987 (M87), L97 og Kunnskapsløftet (LK06).
Han sat i det regjeringsoppnemnde Bostad-utvalet og vart 25. november 2010 utnemnd til styret i Språkrådet.
Professor Øzerk har vunne ein forskingspris (1992), ein vitskapleg essaypris (1994) og Universitetet i Oslo, Det utdanningsvitenskapelige undervisingsprisen til fakultet 2012.
Professor Øzerk har vore blant bidragsytarane til Storbritannias PRIMARY REPORT - 2008 - ein rapport som vart utarbeidd under leiing av professor Rubin Alexander, University of Cambridge, på oppdrag frå det britiske utdanningsdepartementet.
Øzerk har ein stor fagleg produksjon, som m.a, omfattar ei rekkje artiklar i norske og engelske bøker.
Bibliografi
endre- Om tospråklig utvikling (1992)
- Sirkulær tenkning og pedagogikk (1992)
- Temaer i minoritetsrettet pedagogikk (1993)
- Læring i fellesskap (1998)
- Pedagogisk idebok for tospråklige barnehager rettet mot samiske forhold (sammen med Randi Juuso),
- Samepedagogikk (2003)
- Tospråklig opplæring (2005)
- OPPLÆRINGSTEORI OG LÆREPLANFORSTÅELSE (2006)
- Avvik og merknad – opplæringslovens § 2-8 og enkeltvedtakordningen i rundskriv Udir-tilskot-10-2005 – intensjoner og konsekvenser. Vallset: Oplandske Bokforlag
- Fra språkbad til språkdrukning (2007), ISBN 9788275181327
- NEIS-modellen – Språkutvikling, lesing og innholdsforståelse. Vallset: Oplandske Bokforlag (2010)
- PEDAGOGIKKENS HVORDAN nr 1- Lærerens rolle, kompetanse og betydning. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag (2010)
- PEDAGOGIKKENS HVORDAN nr 2 -Pedagogisk-metodiske ideer for å styrke elevens læringsutbytte. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag (2011)
- AUTISME OG PEDAGOGIKK - CappelenDAMM Akademisk Forlag 2013
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kamil Øzerk» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2019.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjoner av Kamil Øzerk i forskningsdokumentasjonssystemet CRIStin
- Publikasjoner av Kamil Øzerk i BIBSYS
- Kamil Øzerks hjemmeside med delvis publikasjonsliste
- Kamil Øzerk på haugenbok.no[daud lenkje]
- Kamil Øzerk i Store norske leksikon
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |