Kappverdestormsvale

Kappverdestormsvale

LC[1]


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Hydrobatidae
Slekt: Oceanodroma
Art: O. jabejabe
Namn på andre språk
  • Engelsk: Cape Verde storm petrel
  • Vitskapleg namn
    Oceanodroma jabejabe
    Barboza du Bocage, 1875

    Kappverdestormsvale (Oceanodroma jabejabe) er ein mellomstor medlem av stormsvalefamilien som lever i Aust-Atlanteren rundt Kapp Verde.

    SkildringEndra

    Kappverdestormsvala er 18,5 til 20,5 centimeter i kroppslengd. Ho er svært mørk, men oversida av hovudet og dekkfjørene på vengene er litt bleikare med bruntone. Elles er alt nær svart bortsett frå overgumpen som er kvit, og det kvite feltet strekker seg ned mot undersida. Nebbet er relativt langt, halen har rett bakkant eller berre umerkeleg 'hakk' mot midten.[1]

    Denne arten kan skiljast frå andre Oceanodroma-stormsvaler på lætet og på molekylære data. Dei er endemiske til Kapp Verde og kjente hekkeplassar er på øyane Cima, Branco og Raso. Dei beitar i eit nokså avgrensa område i austlege Atlanterhavet grovt rekna mellom 4 og 26 grader nord. Storleiken på populasjonen var estimert til ca. 1000 hekkande par i 1994-1995.[2]

    Kappverdestormsvala vart tidlegare rekna som same arten som passatstormsvale. Rundt 2009 blei både kappverdestormsvale og asorstormsvale, O. monteirei, splitta ut.[3] Kappverdestormsvale er òg lista i eit vedlegg til ein artikkel om namneendringar på fugleartar hos Norsk Ornitologisk Forening i 2014.[4]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Kirwan, G.M. (2020) Cape Verde Storm-Petrel (Oceanodroma jabejabe) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 3. februar 2020
    2. Nuno Oliveira et al, Possible breeding of Cape Verde storm - petrel Oceanodroma jabejabe (Bocage, 1875) on Santa Luzia, Cape Verde Islands, Short note, Zoologia Caboverdiana 4 (1):17-20
    3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2009), Updates & Corrections: August 2009, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4, Page 14, Band-rumped Storm-Petrel Oceanodroma castro, Cornell Lab of Ornithology
    4. Syvertsen, P. O., Norsk navnekomité for fugl (NNKF). Endringer i norske navn på fuglearter i Vest-Palearktis. (Vedlegg) Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 7.8.2014)

    BakgrunnsstoffEndra

      Commons har multimedia som gjeld: Kappverdestormsvale