Asorstormsvale
Asorstormsvale (Hydrobates monteiroi) er ein fugl i stormsvalefamilien. Inntil relativt kort tid tilbake var populasjonen av denne arten trudd å vere passatstormsvaler.[1] Arten er tilsynelatande endemisk for Asorane.
Asorstormsvale | |
Asorstormsvale | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormsvalefamilien Hydrobatidae |
Slekt: | Hydrobates |
Art: | Asorstormsvale H. monteiroi |
Vitskapleg namn | |
Hydrobates monteiroi |
Skildring
endreAsorstormsvala[2] er ca. 19 centimeter i kroppslengd med vekt rundt 45 gram. Stilt saman med andre små stormsvaler har asorstormsvala relativt lang hale som er kløfta. Forveklingsarten passatstormsvale har rett avkutta hale. Men som slektningane har asorstormsvala eit kvitt band tvers over overgumpen på ei elles mørk brun fjørdrakt. Det kvite området er synleg frå sidene i flukt.[3]
Ein trur denne arten beitar i lokale farvatn heile året, moglegvis i nærleiken av hekkeplassane. Dette er i motsetnad til passatstormsvaler, som spreier seg over til Vest-Atlanteren. Dietten til asorstormsvalene er ukjend, men analysar av stabile isotopar i fjørene tyder på at føda skil seg litt frå den hos passatstormsvalene,[1] og består truleg av små artar av fisk og blekksprutar.[3] Asorstormsvaler beitar på havoverflata, men dei kan òg gjere grunne dukk, ca. 85 cm i gjennomsnitt.[4]
Asorstormsvaler er kjente for å hekke på berre to små øyar i øygruppa Asorane. Som alle stormfuglar legg dei eitt egg i kullet, og det blir ruga av begge foreldra. Hekkesesongen tar til frå slutten av april til byrjinga av juli. Dette er i kontrast til hekkesesongen til passatstormsvaler, som på desse øyane ligg mellom oktober og desember. Dei første ungane blir klekte i juni og dei siste blir flygedyktige innan oktober.[1] Ungfuglane vil vende tilbake til kolonien frå 2 år og oppover.[5]
Arten har ein låg reproduksjonsrate på grunn av konkurranse med andre stormfuglar som grev rugeholer. I nokre år kan hornugler gjere predasjon på hekkeplassane. Arten er vurdert som sårbar av IUCN grunn av den litle populasjonen, anslått til berre 250-300 par i 1999, og på grunn av det avgrensa hekkeområdet på to små øyar i Asorane og låg reproduksjon.[3]
Oppdaginga
endreEksistensen av ein til då ukjent art vart først antydd ved oppdaginga av to distinkte hekkesesongar av stormsvaler på Asorane.[6] Begge populasjonene vart opphavleg trudd å vere av passatstormsvaler, men ein populasjonen hekkar i den kjølige sesongen, og den andre i den varme årstida. Ein nærare studie av desse to hekkebestandane klargjorde skilnader i morfologi og myting. Undersøking av mtDNA synte at dei to populasjonane faktisk var genetisk isolerte, og populasjonen som hekkar i den varme sesongen vart heva til full artsrang med det vitskaplege namnet Oceanodroma monteiroi, norsk namn asorstormsvale.[1] Arten er oppkalla etter biologen Luis Monteiro, som var den første til å leggje merke til dei morfologiske og akustiske skilnader mellom dei to sesongmessig åtskilte stormsvalepopulasjonane på Asorane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Monteiro's Storm-Petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 19. november 2016.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 M. Bolton, A.L. Smith, E. Gomez-Diaz, V.L. Friesen, R. Medeiros, J. Bried, J.L. Roscales & R.W. Furness (2008) "Monteiro's Storm Petrel Oceanodroma monteiroi: a new species from the Azores" Ibis 150 (4): 717–727 doi:10.1111/j.1474-919X.2008.00854.x
- ↑ Syvertsen, P. O., Norsk navnekomité for fugl (NNKF). Endringer i norske navn på fuglearter i Vest-Palearktis. (Vedlegg) Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 7.8.2014)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Fjeldså, J. & Kirwan, G.M. (2016) Monteiro's Storm-Petrel (Oceanodroma monteiroi) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. november 2016
- ↑ Bried, Joël (2005) Diving ability of the Madeiran Storm Petrel. Waterbirds 28(2): 162–166. DOI:10.1675/1524-4695(2005)028[0162:DAOTMS]2.0.CO;2 HTML abstract
- ↑ Bried, J., & Bolton M. 2005. An initial estimate of age at first return and breeding in Madeiran Storm Petrels Oceanodroma castro. Atlantic Seabirds 7: 71-74.
- ↑ Monteiro, L.R. & Furness, R.W. (1998). "Speciation through temporal segregation of Band-rumped Storm Petrel (Oceanodroma castro) populations in Azores?" Phil. Trans. R. Soc. Lond. B 353: 845–953.
Bakgrunnsstoff
endre- BirdLife International (2016) Species factsheet: Oceanodroma monteiroi[daud lenkje]. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. november 2016