Kaprifolfamilien


Lonicera japonica
Lonicera japonica

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Dipsacales
Familie: Caprifoliaceae
Vitskapleg namn
Caprifoliaceae

Kaprifolfamilien (latin Caprifoliaceae) er ein klade som inneheld om lag 800 tofrøblada blomsterplantar, med nær kosmopolitisk utbreiing. Ein finn diversitetssenter aust i Nord-Amerika og i Aust-Asia, medan dei er fråverande i den tropiske og sørlege delen av Afrika. Dei best kjente artane i familien er kaprifol og vivendel.

Plantar i kaprifoliumfamilien er oftast buskar og slyngplantar, og nokre av dei blir brukt som hageplantar i tempererte regionar. Blada er som regel motsette utan stipula (utvekst på basen av ein bladstilk eller petiolus), og dei kan vere anten eviggrøne eller bladfellande. Blomsten er røyraktig traktforma eller bjølleliknande, oftast med fem spreiande foldar eller punkt, og er ofte fragrant. Som oftast dannar dei eit beger med små dekkblad. Frukta er i dei fleste tilfelle eit bær eller ei steinfrukt. Slektene Diervilla og Weigela har kapselfrukt.

Taksonomi endre

(med tilnærma tal på artar)

Caprifoliaceae

To av dei kjente medlemmene i Dipsacales som tidlegare var rekna med til kaprifoliumfamilien, elderbær (Sambucus) og viburnum, er blitt flytta til Adoxaceae, saman med nokre andre slekter.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Caprifoliaceae