Karel Lismont (fødd 8. mars 1949) er ein belgisk tidlegare langdistanseløpar frå Borgloon som i 1971 vart europameister i maratonlæping, og sidan vann to OL-medaljar og to EM-bronser på same distansen.

Karel Lismont

Karel Lismont 1976.jpg

Statsborgarskap Belgia
Fødd 8. mars 1949
Borgloon
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Under europameister i friidrett 1971 overraska Lismont stort då han vann maratonløpet, fem dagar etter han kom på 16.-plass på 10 000 meter. Med tida 2.13.09 vann han gullmedaljen framom dei britiske førehandsfavorittane Trevor Wright og Ron Hill. Under Sommar-OL 1972 i München sprang Lismont inn til sølv i maraton, Frank Shorter frå USA vann løpet. Fire år seinare tok Lismont bronsemedaljen i maraton ved dei olympiske leikane i Montreal, bakom Waldemar Cierpinski og Frank Shorter.

Både i EM 1978 i Praha og i EM 1982 i Aten sikra Lismont seg bronsemedaljen i maraton. høvesvis 10 og 48 sekundar bakom vinnarane i dei to meisterskapane. I 1983 deltok han i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, der han vart niandemann på tida 2.11.24, eitt minutt og 21 sekundar bakom vinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra