Ronald Hill, kjend som Ron Hill, (25. september 193823. mai 2021) var ein britisk langdistanseløpar som vart europameister i maratonløping i 1969.

Ron Hill


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 25. september 1938
Accrington
Død

23. mai 2021 (82 år)
Tameside

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964

Aktiv endre

Hill vart sjuandemann på 10 000 meter under Sommar-OL 1968. Året etter sette han personleg rekord på distansen med 28.39,0, ei tid ikkje heilt i verdstoppen. Dermed satsa han for fullt i maraton, same hausten 1969 vann han så maratonløpet i heten i Aten og kunne kalle seg europameister. Våren 1970 sette Hill løyperekord med 2.10.30 då han sprang inn til siger i Boston maraton. Den 23. juli same året gjorde han sitt livs kjappaste maratonløp ved Samveldeleikane 1970 i Edinburgh, tida 2.09.28 var mellom dei aller beste oppnådd ved den tid. I august 1971 sikra Hill seg maraton-bronsen i europameisterskapen i Helsinki, før han i 1972 enda på sjetteplassen i maraton under Sommar-OL 1972.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre