Karender O. Dieseth

Karender Olsen Dieseth (10. juni 18462. juni 1915) var ein lærar, gardbrukar, agent og stortingsmann frå Åmot i Hedmark. På tinget høyrde han til dei meir radikale Venstre-representantane.

Karender O. Dieseth
Fødd 10. juni 1846
Åmot
Død

2. juni 1915
Frogn

Yrke politikar, lærar, bonde

Dieseth var son til ein husmann. Sjølv tok han eksamen ved lærarskule i 1868. Deretter var han lærar i Frogn fram til 1875, dei neste sju åra var han lærar og kyrkjesongar i Nordby sokn i Ås. Han kjøpte gard i Ås i 1881, ein gard som han dreiv i ti år. Sidan budde han i Kristiania der han livnærte seg som agent ved sal av eigedommar.

Dieseth var medlem av heradsstyret i Ås 1876-88, og av Kristiania bystyre 1895-1901. Han var formann i 'Akershus folkevæbningssamlag'. Perioden 1883-85 var han fyrste varamann (suppleant) til Stortinget frå Akershus. Då Johan Sverdrup vart statsminister i juni 1884, rykte Dieseth inn på hans plass frå 27. juni 1884. Den neste valbolken, 1886-88, var han 1. representant frå amtet. Han var heile tida, 1884-88, medlem av protokollkomiteen.

KjelderEndra