Kari Aalvik Grimsbø
(Omdirigert frå Kari Aalvik)
Kari Aalvik Grimsbø (fødd 4. januar 1985) er ein norsk handballspelar oppvaksen i Skaun. Målvakta har i tida 2006-16 vunne åtte gullmedaljar, ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i ulike europameisterskap, verdsmeisterskap og olympiske sommarleikar med det norske handballandslaget.
Kari Aalvik Grimsbø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. januar 1985 (39 år) Bergen |
Yrke | handballspelar, fotograf, handballtrenar |
Høgd | 180 centimeter |
Kari Aalvik Grimsbø på Commons |
Den første landslagskampen sin spelte Aalvik i september 2005. I november 2006 vart ho teke ut til senior-EM i Sverige. Ho har òg vore med i junior-EM og -VM.
Før ho kom til Byåsen spelte ho for Skaun (tidlegare kalla Børsa/Skaun), Buvik og Orkdal.
Merittar
endre- EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland
- VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland
- OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 mot Russland
- EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania
- VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania
- EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige
- VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike
- OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro
- OL 2012 i London: Gull etter norsk siger 26-23 over Montenegro
- VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland
- OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland
- EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland
- VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike
Bakgrunnsstoff
endre- Om Aalvik Grimsbø på handball.no
- Kari uttatt i EM-troppen[daud lenkje], frå Avisa Sør-Trøndelag