Karl-Hans Riehm
Karl-Hans Riehm (fødd 31. mai 1951) er ein tysk tidlegare sleggekastar frå Konz som representerte Vest-Tyskland. Han sette verdsrekord i 1975 og på ny i 1978. Riehm vann bronsen i øvinga ved europameisterskapen 1978 og tok sølv under Sommar-OL 1984.
Karl-Hans Riehm | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 31. mai 1951 (73 år) Konz |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972 |
Aktiv
endreAllereie 20 år gammal tok Riehm steget mot verdseliten då han i 1971 kasta 70,22 meter. OL-sesongen 1972 slengde han slegga 73,92 m, sjette best i verda det året, men lukkast ikkje i OL-finalen og enda på tiandeplassen. Sommaren 1973 forbetra han sitt personbeste til 73,98 m.
Den 19. mai 1975 flytta Riehm verdsrekorden i tre kast ved eit stemne i Rehlingen. Fyrste rekordkastet målte 76,70 m, så auka han til 77,56 m, for så smelle til med 78,50 meter. Under Sommar-OL 1976 enda han på fjerdeplass, fattige 2 centimeter kortare enn bronsevinnaren, Anatolij Bondartsjuk frå Sovjetunionen.
I mai 1978 sette Riehm personbeste med 79,12 i nemnde Rehlingen. Den 6. august vart han andremann til å kaste sleggja over 80 meter. I Heidenheim sette han verdsrekord med 80,32 m i ei ekstraøving under ein juniorlandskamp. Ved europameisterskapen 1978 fire veker seinare måtte han nøye seg med bronse, like bak Sovjets Jurij Sedykh og austtyske Roland Steuk.
Ettersom Vest-Tyskland boikotta Sommar-OL 1980, deltok ikkje Riehm i Moskva-leikane. Derimot vann han over den ferske olympiameisteren då han i Rhede sette livsbeste med eit kast på 80,80 m, berre to veker etter sleggjefinalen i OL.
Sommaren 1983 kasta Riehm 80,26 m som best, OL-året 1984 nådde han 79,44 meter. Då Sovjetunionen og mange andre austeuropeiske statar boikotta sommarleikane i Los Angeles, sikra han seg sølvmedaljen i sleggjetevlinga, like bak favoritten Juha Tiainen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Karl-Hans Riehm» frå Wikipedia på tysk, den 25. mai 2021.