Karl Julius Arnesen
Karl Julius Arnesen (23. januar 1847–5. desember 1929) var ein norsk prest og stortingsmann frå Christiania. På Stortinget representerte han Høgre.
Karl Julius Arnesen | |||
Fødd | 23. januar 1847 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 5. desember 1929 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | prest, omsetjar, politikar | ||
Alle verv |
|
Arnesen var son til ein departementstilsett. Han vart student frå Nissens skole i Christiania i 1865 og cand. theol. fem år seinare. I 1871 vart han personalkapellan i Balestrand, frå 1874 sokneprest i Bindal. Deretter residerande kapellan i Horten frå 1878. Han var så sokneprest i Sarpsborg 1884-95, Hetland 1895-1906 og Tønsberg frå 1906.
Arnesen var ordførar i Bindal 1877-78, seinare var han medlem av bystyret i Sarpsborg. Elles var han medlem av forlikskommisjonane i Horten og i Sarpsborg.
Arnesen representerte Sarpsborg på Stortinget 1886-91 og 1895-97. Han var 1886-89 medlem av protokollkomiteen, medan han 1890-91 og 1895-97 var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914