Karl XII-invasjonen av Russland

Karl XII-invasjonen av Russland var eit svenske felttog i Russland under den store nordiske krigen. Invasjonen starta då Karl kryssa Wisła den 1. januar 1708 og enda brått med det svenske nederlaget i slaget ved Poltava den 8. juli 1709. Karl vart derimot verande ein militær trugsel mot Russland i fleire år medan han var i eksil i Det osmanske riket.

Karl XII-invasjonen av Russland
Del av Den store nordiske krigen

Slaget ved Poltava av Denis Martens den yngre, målt 1726
Dato 17081709
Stad Russland
Resultat Russisk siger
Partar
Flagget til Sverige Det svenske imperiet Flagget til Russland Det russiske imperiet
Kommandantar
Karl XII av Sverige Peter den store

I åra før invasjonen av Russland hadde Karl teke store sigrar mot danske og polske styrkar og sett vasallkongen Stanislas Leszczyński på trona i Polen. Med sigrane der vendte Karl mot Russland. Han gjekk inn i Russland over den islagte Wisła med 40 000 mann, om lag halvparten av desse kavaleristar. Denne taktikken var karakteristisk for militærstilen hans, som var basert på å flytte armear i stor fart over uventa terreng. På grunn av den raske starten på felttoget, hamna Karl nesten i slag med Peter berre ein månad i felttoget, då han nådde Hrodna, i dagens Kviterussland, berre to timar etter at dei russiske styrkane hadde forlate byen.

Karl var ein dyktig offiser og rekna truleg invasjonen som risikabel. Han hadde gått imot råda frå generalane sine om å invadere Russland om vinteren etter det første slaget ved Narva i 1700. Han valde å halde fram invasjonen no fordi han venta svenske forsterkingar og ein allianse med kosakkane under Ivan Masepa. Den nye svenske armeen vart derimot angripe i bakhald av russiske styrkar under Aleksandr Danilovitsj Mensjikov. Mensjikov hadde òg øydelagd hovudstaden til Masepa og jaga han til Karl med berre 1300 mann.

Peter og generalane hans nytta òg brente jords taktikk då dei trekte seg attende, og dette gjorde den svenske invasjonen vanskelegare. Russarane spreidde kveg, gøymde korn i landsbyane dei passerte og brende uinnhausta kornåkrar, slik at den svenske armeen ikkje hadde noko forsyningar under den russiske vinteren. Mot slutten av vinteren 1708-1709, hadde «den store frosten i 1709» gått hardt inn på den svenske armeen og han bestod no berre av 24 000 mann. I mai 1709 tok svenskane igjen russarane og dei to armeane møttest i slaget ved Poltava. Svenskane vart slått og det meste av armeen til Karl, om lag 19 000 mann, vart tvungen til å overgje seg.

Karl flykta til Det osmanske riket is ør, som var tradisjonelle fiendar av Russland. Her klarte Karl etter kvart å overtale sultan Ahmed III om å erklære krig mot Russland. I lag med ein tyrkisk arme på 200 000 mann, førte Karl tyrkarane inn i den russisk-tyrkiske krigen 1710–1711, men før Karl kom i strid klarte Peter å mute den tyrkiske vesiren til fred, og med dette enda ambisjonane til Karl om å invadere Russland.

Følgjene av den mislukka invasjonen var omfattande. Det svenske imperiet klarte aldri å ta nye området etter slaget ved Poltava. George I av Storbritannia førte Storbritannia og Preussen til krig mot Sverige og Danmark gjekk på ny inn i krigen. Russland vann prestisje i Europa og fekk Ludvig XIV som alliert.

Kjelder endre