Karma av Anxhela Peristeri

albansk song frå 2020 med Anxhela Peristeri
«Karma»
Song av Anxhela Peristeri
Land Albania
Språk Albansk
Utgjeve 9. mars 2021
Sjanger Pop, folk
Lengd 02:59
Selskap RTSH, Universal
Låtskrivar(ar) Olti Curri, Kledi Bahiti
Produsent Dimitris Kontopoulos, Kledi Bahiti

«Karma» er ein albanskspråkleg popsong frå 2020 som vert framført av songaren Anxhela Peristeri. Songen er komponert av Kledi Bahiti, medan Olti Curri har skrive teksta. «Karma» vann den albanske songtevlinga Festivali i Këngës i desember 2020 og var det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Til deltakinga i Eurovision Song Contest vart «Karma» re-mastra, medan teksta vart verande på albansk.[1]

Om songen endre

I oktober 2020 vart Anxhela Peristeri kunngjord som ein av 26 deltakarar til å delta i den 59. utgåva av Festivali i Këngës, det albanske svaret på Melodi Grand Prix. Vinnaren av tevlinga fekk representera Albania i Eurovision Song Contest 2021.[2] Ifølgje tevlingsreglementet måtte alle deltakarsongane ha albansk tekst, og Peristeri deltok med songen «Karma», skriven av den albanske tekstforfattaren Olti Curri, og komponert av den albanske songaren og låtskrivaren Kledi Bahiti.[3] Ein re-mastra versjon av songen, tilpassa Eurovision Song Contest, vart utgjeven for strøyming og nedlasting 9. mars 2021.[4]

Eurovision Song Contest endre

Festivali i Këngës endre

Den albanske allmennkringkastaren Radio Televizioni Shqiptar (RTSH) arrangerte i desember 2020 den 59. utgåva av musikktevlinga Festivali i Këngës. Vinnaren av tevlinga fekk representere landet i Eurovision Song Contest 2021.[5] I finalen 23. desember 2020 vart «Karma» kåra til vinnar, og vart dimed det albanske bidraget til Eurovision Song Contest.[6][7]

Eurovision Song Contest endre

Den 65. utgåva av Eurovision Song Contest fann stad i Rotterdam, og bestod av to semifinalar 18. og 20. mai 2021, og finalen laurdag 22. mai 2021. 17. november 2020 kunngjorde EBU at Albania skulle delta i den andre semfinalen torsdag 20. mai 2021.[8][9] Der kom songen på tiande plass og kvalifiserte seg til finalen som siste land.[10] I finalen var songen det andre bidraget ut på scena og vart til slutt nummer 21 av 26 med 57 poeng.[11]

Kjelder endre

  1. Adams, William Lee (26. desember 2020). «Anxhela Peristeri: I'll keep the "Karma" lyrics in Albanian for Eurovision 2021». Wiwibloggs. Arkivert frå originalen 27. desember 2020. Henta 27. desember 2020. 
  2. Smith, David (28. oktober 2020). «Albania: 26 artists confirmed for Festivali i Këngës 59…including Orgesa Zaimi, Inis Neziri and Era Rusi». Wiwibloggs. Arkivert frå originalen 28. oktober 2020. Henta 28. oktober 2020. 
  3. Adams, William Lee (23. desember 2020). «Festivali i Këngës 59 winner: Anxhela Peristeri will sing "Karma" for Albania at Eurovision 2021». Wiwibloggs. Arkivert frå originalen 24. desember 2020. Henta 24. desember 2020. 
  4. «Karma - Single by Anxhela Peristeri» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  5. Jiandani, Sanjay (Sergio) (17. september 2020). «Albania: RTSH confirms participation in Eurovision 2021». ESCToday. Arkivert frå originalen 17. september 2020. Henta 24. desember 2020. 
  6. «Anxhela Peristeri to represent Albania at Eurovision 2021!». European Broadcasting Union (EBU). 23. desember 2020. Arkivert frå originalen 24. desember 2020. Henta 24. desember 2020. 
  7. «Anxhela Peristeri fiton çmimin e parë në festivalin e 59-të të këngës» (på albansk). Radio Televizioni Shqiptar (RTSH). 24. desember 2020. Arkivert frå originalen 24. desember 2020. Henta 24. desember 2020. 
  8. «Rotterdam 2021–Eurovision Song Contest». European Broadcasting Union (EBU). Arkivert frå originalen 24. desember 2020. Henta 24. desember 2020. 
  9. Groot, Evert (17. november 2020). «2020 Semi-Final line-up to stay for 2021». European Broadcasting Union (EBU). Arkivert frå originalen 18. november 2020. Henta 24. desember 2020. 
  10. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  11. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.