Karsten Fonstad

norsk politikar

Karsten Fonstad (fødd 8. juli 1900Ringsaker, daud 28. juli 1970) var ein norsk jarnbanetelegrafist og politikar, heimehøyrande i Arbeidarpartiet og Noregs Kommunistiske Parti. Han var stortingsmann for Ap i tre periodar.

Karsten Fonstad

Fødd8. juli 1900
Ringsaker kommune
Død28. juli 1970 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (1916; 1923), Norges Kommunistiske Parti (1923; 1927), Arbeidarpartiet (1927; ukjend)
YrkeJernbanetelegrafist
InstitusjonarNoregs Statsbanar
Alle verv

Fonstad vart fødd som son av elektrikar Johannes Fonstad og Mathea Kristiansen. Han fullførte folkeskulen og amtsskulen i Ringsaker før han frå 1919 til 1920 vart uteksaminert ved Jarnbaneskulen. Etter dette arbeidde han i ein periode som stasjonsbetjent, før han i 1920 vart tilsett som jarnbanetelegrafist hos NSB. Frå 1923 var han stasjonert ved Moelv stasjon, og med unntak av krigsåra, tenestegjorde han i denne stillinga fram til 1946 då han vart jarnbaneekspeditør.

Han vart medlem av arbeidarungdomsrørsla og Arbeidarpartiet alt i 1916. Ved den store partisplittinga i 1923 følgde han fløya som støtta Komintern so linje, og vart medlem av det nye Noregs Kommunistiske Parti. Han forlét likevel NKP ved partisamlinga NSA/DNA i 1927, og gjekk inn att i Arbeidarpartiet.[1]

I 1925 vart han medlem av Ringsaker heradstyre, og frå 1928 og fram til 1931 fungerte han som ordførar i kommunen. Fonstad kom inn på Stortinget som 1. suppleant etter valet i 1930 frå valkrinsen Hedmark fylke, der han vart medlem av landbrukskomiteen som erstatning for Kristian Lian frå oktober 1931. Han vart vald inn på Stortinget ved valet i 1933 som 6. representant, og sett som medlem av administrasjonskomiteen. Han vart attvald ved valet i 1936, der han då var medlem av veg- og jarnbanekomiteen. Etter at perioden hans på Stortinget var over vart han på nytt aktiv i lokalpolitikken som medlem av Ringsaker heradstyre.

Under okkupasjonen av Noreg vart han i 1941 fråteke sina kommunale verv. Han vart arrestert i februar 1945 og sat fengsla i Hamar fengsel fram til 14. februar då han vart flytt til Grini fangeleir. Der sat han fram til slutten av krigen. Fonstad døydde i juli 1970 og vart gravlagt i heimbygda Ringsaker.[2]

Stortingskomitear endre

  • Landbrukskomiteen 1931–1933
  • Administrasjonskomiteen 1934–1936
  • Veg- og jarnbanekomiteen 1937–1945

Referansar endre

  1. «Fonstad, Karsten», Arbeidernes Leksikon, bind III, Oslo 1933.
  2. Søk etter «Karsten Fonstad» hos DIS-Norge. (Besøkt 13. oktober 2011)

Bakgrunnsstoff endre