Norsk senter for forskningsdata
NSD – Norsk senter for forskingsdata er eit nasjonalt dataarkiv. NSD har som føremål å sikra fri og ope tilgang til forskigsdata, og å betra høva for empirisk forsking.[1] Organisasjonen vart oppretta i 1971 som eit organ underlagt Noregs forskingsråd. Fram til 1. mars 2016 var namnet Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (derav forkortinga NSD).[2] Etter vedtak i Stortinget vart NSD frå 1. januar 2003 organisert som eit aksjeselskap eigd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, no Kunnskapsdepartementet.[3][4] NSD har hovudkontor i Bergen, med representantar i Oslo, Trondheim og Tromsø. NSD gir ut nyhendebrevet NSDnytt fire gangar i året.[5]
Føremål og samarbeidspartnararEndra
NSD vart oppretta med føremål om å vere eit arkiv for forskingsdata (i første rekkje kvantitative data), og dessutan for å leggje til rette for at desse dataa skal vere lettare tilgjengeleg for forskarar og studentar. I dag er NSD òg tenesteleverandør på ei rekkje område, hovudsakleg for offentleg sektor. Mellom anna har NSD vore sentral i gjennomføringa av skulevala. Viktige samarbeidspartnarar nasjonalt inkluderer Statistisk sentralbyrå (SSB), Noregs forskingsråd, Datatilsynet, Kunnskapsdepartementet, og dessutan heile universitet- og høgskulesektoren. Internasjonalt samarbeider NSD med dataarkiv over heile Europa på felles europeiske prosjekt, som til dømes European Social Survey.[6]
LeiingEndra
Med unntak av eit kort opphald har Bjørn Henrichsen vore direktør/administrerande direktør for NSD sidan starten i 1971. Styreleiar for NSD er i dag Petter Aasen.
Styret i NSDEndra
- Rektor Petter Aasen (leiar)[7]
- Professor Knud Knudsen
- Professor Lawrence Rose
- Fagdirektør Anne Skranefjell
- Professor Sameline Grimsgaard
Varamedlem:
- Førsteamanuensis Toril Aalberg
Representantar for dei tilsette:
- Katrine Utaaker Segadal
- Dag Kiberg
ReferansarEndra
- ↑ NSDs strategi 2016-2019 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2016-04-13, henta 11. oktober 2016
- ↑ nsd.uib.no
- ↑ Skildring om eigartilhøve frå Staten sin eierberetning 2006, arkivert frå originalen 2007-11-29, henta 11. oktober 2016
- ↑ Nøkkeltal og eierskap frå Selskapsdatabasen, arkivert frå originalen 2016-04-13, henta 11. oktober 2016
- ↑ NSDnytt
- ↑ http://www.europeansocialsurvey.org/
- ↑ NSDs – oversyn over styret, arkivert frå originalen 2011-05-27, henta 11. oktober 2016
- Denne artikkelen bygger på «Norsk senter for forskningsdata» frå Wikipedia på bokmål, den 11. oktober 2016.
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell nettstad
- NSD Årsmelding Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.
- NSDnytt Arkivert 2016-11-14 ved Wayback Machine. – nyhendebrev frå NSD som kjem ut fire gonger i året
- Sentrale produkt og tenester
- NSDdata: tilgjengelege datasett frå dataarkivet.
- Personvernsombod for forsking: handsamar saker som gjeld personvern innan forskingsprosjekt hos knytte til seg institusjonar.
- NSDStat: programvare for enkel analyse av kvantitative data.
- Nesstar Arkivert 2016-09-30 ved Wayback Machine.: programvare for dokumentasjon av og direkte webbasert analyse av data via verdensveven.
- Database for forsking og høgre utdanning Arkivert 2010-12-05 ved Wayback Machine. (DBH): samlar inn ei rekkje indikatorar frå alle høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg som får stønad frå staten.
- Samfunnsveven Arkivert 2016-12-02 ved Wayback Machine.: læringsressurs for bruk i vidaregåande skule. Inkluderer òg administrasjons- og informasjonssystemet knytt til skulevala, og dessutan resultat frå skulevala.