Kastanjetannvaktel

fugleart
Kastanjetannvaktel
Kastanjetannvaktel Foto: Francesco Veronesi
Kastanjetannvaktel
Foto: Francesco Veronesi
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kastanjetannvaktel
Utbreiinga av Kastanjetannvaktel
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Tannvaktelfamilien Odontophoridae
Slekt: Odontophorus
Art: Kastanjetannvaktel O. hyperythrus
Vitskapleg namn
Odontophorus hyperythrus

Kastanjetannvaktel (Odontophorus hyperythrus) er ein bakkelevande fugl i tannvaktelfamilien og er endemisk for Colombia med utbreiing i sentrale og vestre del av Andesfjella i Colombia.

Skildring

endre

Kastanjetannvaktlar er 25 til 29 centimeter i kroppslengd og kan vege i området 350 til 390 gram, der hannfuglar er tyngst. Fjørdrakta er i det store kastansjebrun, men med mørk brun overside og svarte sjatteringar. Rundt auga og øyra er fjørene grå til kvite. Nebbet er svart, beina lysare grå og kan ha blåleg tone. Arten syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta ved at hofulgar har meir grått, bryst og buk har mørk gråleg farge, men strupeområdet er som hos hannar.

Det naturlege habitatet for denne tannvaktelen er høgtliggande, subtropiske skogar, i høgder på 1600-2800 moh.

Kastanjetannvaktlar søkjer føde i nedfallslauv på bakken og tar bær og frø. Dei kan opptre i grupper på opptil 9 individ og er mest sannsynleg standfuglar. Forplantingsbiologien er lite kjent. Ein trur fuglar av denne arten kan legge egga i april til mai månad.

Kastanjetannvaktelbestanden er estimert til ca. 3 500-15 000 individ totalt og er trudd å vere minkande.

Kjelder

endre
Referansar

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kastanjetannvaktel