Kastetre
Kastetre er ein reiskap som gjer at ein kan kasta spyd og harpunar raskare og med meir kraft enn om ein berre bruker armen.[1] Kastetreet ligg under spydet ved kast, og har ofte ei hake ved bakenden av spydet.[1]
Reiskapar av denne typen er mellom anna kjende frå inuittisk kultur, australsk aboriginarkultur og amerikanske urfolk.[1] Det aztekiske namnet på kastestikke er atlatl. Det er er også funne døme på kastetre frå eldre steinalder i Europa.[1]
Galleri
endre-
Demonstrasjon av kasting med atlatl.
-
Video med bruk av kastetre.
-
Kastetre med katt frå mochekulturen.
-
Kastetre av sølv frå chimúkulturen.
-
Utskoren atlatl.
-
Figurin av ein mann med spyd og kastetre frå Nazcakulturen.
Bakgrunnsstoff
endre Denne teknologiartikkelen som har med militær og historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «kastetre». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023.