Inuittisk kultur omfattar historiske og noverande kulturuttrykk til inuittar, ei urfolksgruppe frå arktiske og subarktiske delar av Nord-Amerika (delar av Alaska, Canada og Grønland). Forfedrane til dagens inuittar er kulturelt knytte til yupikfolk (Sibir og Vest-Alaska),[1] og aleutar frå Aleutane i Sibir og Alaska. Inuittisk kultur viser hovudsakleg til desse områda, men det finst også parallellar til andre såkalla «eskimogrupper». Inuittar levde spreidd over eit svært stort område, med ulike levetilhøve. Dette gjer at kulturen deira alltid har hatt regionale skilnadar, sjølv om det også finst mange likskapar.[2]

Fyrste skuledag i Upernavik på Grønland. Skulebarn i tradisjonelle inuittiske klede held grønlandske flagg.
Tenning av qulliq til ære for skipinga av Nunavut-territoriet i Canada 1. april 1999

Den tradisjonelle livsstilen til inuittane er tilpassa ekstreme klimatiske forhold. Dei grunnleggjande ferdigheitene deira for å overleva er jakt og fangst, i tillegg til å kunna laga klede og utstyr av pels og bein for å overleva. Det var aldri mogleg å driva landbruk i dei millionane av kvadratkilometer med tundra og islagde kystar frå Sibir til Nord-Amerika, medrekna Grønland. Derfor blei jakt kjernen i inuittane sin kultur og kulturhistorie. Dei brukte harpunar og pil og boge for å ta ned dyr i alle storleikar. Heile dyret blei brukt til mat og materiale for klede og utstyr.

Nokre inuittar byrja få jamn kontakt med europearar sidan 1600-talet, og kulturen deira endra seg som følgje av dette. Nokre av dei levde likevel ganske isolert fram til 1900-talet, og følgde den nedervde livsstilen sin. Den europeiske påverkinga på den inuittiske kulturen blei sterkare frå 1800-talet.[3] Kolonisering og modernisering har hatt stor påverknad på kulturen, til dømes er alle inuittar blitt bufaste medan fleire før var nomadiske. I nyare tid er han også blitt truga av klimaendringar.[4]

Namn endre

 
Presentasjon av inuittkultur, under det franske namnet esquimeaux, frå 1880.

Ordet inuit (på inuktitut og kalaallisut, med språkvariantar som iñupiat, inuvialuit og inughuit) er eit autonym, eit namn som desse folka brukar om seg sjølv. Det tyder 'folket'.[5] Eintalsforma er inuk.[6]

Europearar i Nord-Amerika brukte å kalla inuittar for «eskimoar», eit omgrep dei sjølv reknar som nedsetjande. Hovudårsaka til at mange meiner «eskimo» er nedsetjande er den usikre, men utbreidde oppfattinga[7][8][9][10] om at det er eit algonkinsk utttrykk som tyder 'etarar av rått kjøt.'[11][12][13] Ein cree-talar føreslo at det opphavlege ordet som blei omdanna til «eskimo» kan ha vore askamiciw (som tyder 'han et det rått'), og inuittar er omtalte i nokre cree-tekstar som askipiw (som tyder 'et noko rått').[12][14][15][16]

Ordet «eskimo» er blitt brukt for å omfatta både inuittar, yupikfolk og andre innfødde urfolk frå Alaska og Sibir,[17][18][19] men denne bruken er i tilbakegang.[20][21]

Leveområde og organisasjonar endre

 
Sirkumpolart kart over inuittar og nabofolk.

Inuittar er majoriteten på Grønland,[22] der dei bur i alle område som er moglege å folkesetja.

Det bur ulike inuittgrupper i Canada i Inuvialuit Settlement Region i Nordvestterritoria, Nunavut, Nunavik i Nord-Quebec og NunatsiavutLabrador og det ikkje-anerkjende området kjent som NunatuKavut. Med unntak av NunatuKavut blir desse områda nokre gongar kalla Inuit Nunangat.

Inuittar i Alaska, iñupiatfolk, held særleg til i Iñupiat Nunaat nordvest i delstaten.

Det bur også inuittar utanfor dei tradisjonelle leveområda i USA, Canada og Danmark. Mange inuittar dreg frå Grønland til Danmark for å ta utdanning, og slår seg også ofte ned der.[23] Derfor bur dei fleste inuittane i Danmark i dei fire store utdanningsbyane København, Aarhus, Odense og Aalborg, som alle har grønlandske utvandrarsamfunn og kultursenter (Kalaallit Illuutaat).

Inuit Circumpolar Council endre

Inuit Circumpolar Council (ICC), tidlegare Inuit Circumpolar Conference, er ein fleirnasjonal ikkje-statleg organisasjon (NGO) og urfolksorganisasjon som representerer dei 180 000 inuittane, yupikane og tsjuktsjarane som lever i Alaska (USA), Canada, Grønland (Danmark), og Tsjuktsjarhalvøya i Sibir (Russland).

Rådet, som fyrst kom saman i juni 1977, representerte opphavleg urfolk frå Canada, Alaska og Grønland. Det danna eit charter og reglar i 1980. Rådet blei samd om å erstatta omgrepet eskimo med Inuit. Dette fekk ikkje brei aksept hjå alle gruppene, særleg blant yupikfolk. Hovudmåla til ICC er å styrka eining blant inuittar i den sirkumpolare regionen; å fremja inuittar sine rettar og interesser på internasjonalt nivå; å utvikla og oppmuntra til langsiktig politikk som tek vare på det arktiske miljøet; og å søke fullt og aktivt partnarskap i den politiske, økonomiske og sosiale utviklinga av sirkumpolare regionar.[24] Kortfatta er oppgåva til organisasjonen å styrka band mellom arktiske folk og å fremja menneskelige, kulturelle, politiske og miljømessige rettar og politikk på internasjonalt nivå.[25]

Bevaring av inuittiske tradisjonar og kultur endre

 
Ei gruppe «eldre» inuittar i Alaska.

Styresmaktene i inuittregionen Nunavut ser ei av dei viktigaste oppgåvene sine som å verna og ta vare på tradisjonen og kulturen til inuittane. Ein måte å oppnå dette på er å registrera og arkivera munnlege overleveringar frå «dei eldste» om tida før inuittane gjekk over til fast busetnad.

Mange inuittar, særleg i Canada, har gått saman om å danna kooperativ for å selja brukskunst, fiskefangst og driva turisme.[26]

Kulturhistorie endre

Oversyn endre

Dei felles forfedrane til inuittar og nærskylde folkeslag kom ifølgje antropologiske teoriar frå Aust-Sibir, og nådde området ved Beringhavet for rundt 10 000 år sidan.[27]

Inuittar i Nord-Amerika (medrekna Grønland) stammar frå ei gruppe antropologar kallar Thule-folk,[28] som oppstod i Vest-Alaska kring år 1000. Dei hadde skilt seg frå den nærskylde aleutiske gruppa for rundt 4000 år sidan og frå nordaustsibirske migrantar. Dei spreidde seg austover gjennom Arktis.[29] Dei fortrengde den nærskylde Dorset-kulturen (frå 500 f.Kr. til mellom 1000 og 1500 e.Kr.), kalla Tuniitinuktitut, som var den siste større paleo-eskimokulturen.[30]

Forfedrane til inuittar, som er kjende som paleo-eskimoar, kryssa Beringsundet omlag 3000 f.Kr. Ein går ut frå at dei nytta vinterisen til overfarten, som fann stad lenge etter dei tidlegare migrasjonane til forfedrane til såkalla indianarar. Arkeologiske funn har vist at paleo-eskimoane flytta til nordlege kanadiske Arktis i 2300 f.Kr., tilsynelatande på grunn av klimaendring. Derfrå følgde dei gradvis viltflokkane over Arktis til Grønland, og spreidde seg til meir distinkte nomadiske stammar.

 
Teltring frå Thule-kulturen ved Meliadine-elva nær Rankin Inlet i Canada

Pre-Dorset-kulturen (ca. 3200 til 850 f.Kr.) blir sagt å ha byrja då paleo-eskimoa slo seg ned på øyane i det kanadiske øyriket og nordlege Grønland. Namna «Dorset» og «Pre-Dorset» kjem frå Cape DorsetBaffinøya, etter ei funngruppe oppdaga i 1925 av antropologen Diamond Jenness som blei identifisert som å koma frå ein til då ukjend «Dorset-kultur». Paleo-eskimoar kom seg gjennom vinteren i det høge Arktis med mange større vanskar enn dei seinare etterkomarane sine, ettersom dei ikkje hadde teknologi som båtar, harpunspissar, hundesleder, bustader anna enn skinntelt eller varmekjelder anna enn små bålgroper og ved av tre. I det sentrale kanadiske Arktis jakta dei hovudsakleg på moskus og karibu med pil og boge, og fiska med pigga utstyr. Grupper som heldt til nær kysten jakta på selar, kvalrossar og mindre kvalar ved å kasta harpunar frå land eller frå havisen.

Periode I (9000–5000 f.Kr.) endre

  • Vestlege Arktis
    • Paleo-arktisk tradisjon – Alaska og aust, vest og sørvest av Yukon.[31]
    • Anangula-tradisjonen

Periode II (5000–ca. 2000 f.Kr.) endre

  • Vestlege Arktis
    • Ocean Bay I
    • Den nordlege arkaiske tradisjonen

Periode III (ca. 2000–1000 f.Kr.) endre

  • Vestlege Arktis
    • Takli-kulturen
    • Den arktiske småreiskapstradisjonen (spreidde seg austover) = Alaskaalvøya, rundt Bristol Bay og austkysten av Beringsundet
  • Austlege Arktis
    • Grupper av den austlege arktiske småreiskapstradisjonen ca. 3000–500 f.Kr.
  • Independence I-kulturen

Nord-Grønland og kanadisk Arktis mellom 2400 og 1000 f.Kr. Denne paleo-eskimoiske kulturen har namn etter Independence-fjorden, der det blei funne spor etter ein større busetnad. Bustadane blei reiste på ellipseforma grunnmurar med boksforma årer i midten laga av høgreiste steinheller. Desse blei fylte med rekved, moskusskit og bein. Dei kan ha gjort eld ved hjelp av eldbor drive med sener, som var utbreidd nokre hundreår seinare.

 
Jaktstad for Saqqaqkulturen i Diskobukta på Grønland.
Foto: Jan Kronsell

I vestlege og sørlege delar av austkysten av Grønland utvikla Saqqaqkulturen seg rund 2300 f.Kr., og varte i 1500 år. Sentrum for busetnadene deira var Diskobukta i nærleiken av Saqqaq, som har gjeve namn til kulturen. Folket breidde ut kulturen sin langs fjordane og kystlinjene i området. Kulturen til Saqqaq-folket viser ein tydeleg likskap med kulturen i det kanadiske Arktis som blir kalla «Pre-Dorset», og dei to kulturane utvikla seg omtrent samtidig. Forskarar meiner at folket i Saqqaq skilde seg frå pre-Dorset-kulturen, migrerte til Grønland frå Ellesmereøya i nord, og migrerte seinare til sørkysten.

Periode IV (1000 f.Kr-år 1000) endre

Vestlege Arktis endre

  • Kachemak-tradisjonen
  • Norton-tradisjonen – 1000 f.Kr. til år 800
    • Choris (750–400 f.Kr.),[32]
    • Norton (500 f.Kr.—år 800)
    • Ipiutak (100–200 f.Kr. til år 800), i Nord-Alaska, forløparane til Thulefolk)

Austlege Arktis endre

Nord- og Nordaust-Grønland frå rundt, nord og sør for Independence-fjorden. Mest truleg av klimatiske grunnar blei ikkje Nord-Grønland folkesett før rundt 500 år seinare. Arkeologiske funn har vist at før Saqqaq-kulturen forsvann frå Sør-Grønland, kom det ein ny kultur inn frå det kanadiske øyriket. Desse nyare innflyttarane viste ein meir utvikla kultur frå eit arkeologisk synspunkt. Kulturen blir kalla Independence II-kulturen, og ser ut til å ha utvikla seg frå dei kanadiske pre-Dorset-kulturane. Dei kan ha kome i nærkontakt med Saqqaq-kulturen.

Utbreiingsområdet til folk frå Independence II-kulturen tilsvarar omtrent til det til folk frå Independence I-kulturen. Dei eldste funna er daterte til 1400 f.Kr., og dei yngste til 400 f.Kr. Forskarar har ikkje stadfesta om dei nordlegaste områda av Grønland var konstant folkesette i løpet av denne 1000-årsperioden, fordi det berre er att rundt 10 bustader. Klimaet på denne tida blei stadig hardare; den varmaste temperaturen i Independence II-perioden samsvarer omtrent med den kaldaste temperaturen i Independence I-perioden.

Arkeologisk forsking har fokusert feltarbeid på område på Grønland som ligg under 83. breiddegrad nord for å finna spor av Independence II-kulturen. I 1987 oppdaga ein restane av ein større Independence II-busetnad oppdaga på Île-de-France (omtrent 78 grader nord). Independence II-folket jakta på dei same dyra som tidlegare kulturar (sel og moskus), men for fyrste gong òg på kvalross. Husa i Independence II-perioden likna husa frå Independence I-perioden, men var meir komplekse. Så langt er det ikkje påvist nokon samanheng mellom dei to kulturane. Independence II-verktøy minnar meir om pre-Dorset og den seinare Dorset-kulturen. Skjebnen til Independence II-kulturen er ukjend; det er mogleg at folk frå han vandra sørover langs austkysten av Grønland og slo seg saman til Dorset-kulturen.

 
Thule-leivningar på Mallikjuaq-øya nær Cape Dorset

Arkeologiske funn viser at mellom 500 f.Kr. og 500 e.Kr. gjekk det for seg merkbare teknologiske og kulturelle framsteg i området i Nord-Canada og Grønland kjent som Dorset-regionen. I dag er denne perioden kjend som Dorset I. Dorsetfolket er truleg identisk med tuniit (eintal tuniq, også tornit eller tunirjuat), som i inuittisk mytologi blir omtalte som mektige kjemper som budde i steinhus. Dei skal ha vore i stand til å utføra enorme styrkebragder, som å bera kvalross eller flytta enorme steinblokker.

Jaktmetodane deira blei sterkt forbetra i høve til tidlegare arktiske kulturar. Dei fann truleg opp igloen,[33] men dette er vanskeleg å slå heilt fast ettersom slike flyktige strukturar ikkje let att nokre arkeologiske leivningar. Om vintrane budde dei i relativt permanente bustader laga av stein og gras; desse var forløparane til seinare qarmaqar. Dei var også den fyrste kulturen som skar ut seloljelampar (qulliq, også stava kudlik) frå kleberstein.

I dei neste 500 åra, kjende som Dorset II-perioden, utvida dorsetkulturen seg til å folkesetja regionen mellom Victoria Island i vest og Grønland i aust til Newfoundland i sør. Ei klimaendring som gjorde at dei kunne overleva i høgarktiske strøk bidrog truleg til dette. Det er verdt å merka seg at Dorset II-kulturen opprettheldt dei stilistiske eigenskapane til Dorset I-kulturen ganske einsarta, til trass for denne raske territorielle ekspansjonen.

 
Iglo

Elfenbeinsutskjeringar kan daterast til så tidleg som Dorset I-perioden, men kunstnarisk aktivitet ser ut til å ha økt kraftig i Dorset II-perioden. Tilstadeværet av bitte små menneskelege masker som subtilt antyder dyretrekk, utskjeringar av bjørnar med innskorne åndelinjer som indikerer skjelettstrukturer, og gåtefulle røyr som kan ha blitt brukt til å suge ånder ut av besette indikerer den sjamanistiske, rituelle karakteren til denne kunsten. Denne kulturelle trenden er truleg eit resultat av sosioøkonomisk press utøva på dorsetfolk på grunn av at det var kome nye etniske grupper til regionen.

Det varme klimaet i denne perioden førte til vikingane si namngjeving av Island og Grønland, namn som seinare har verka paradoksale.

Periode V (år 1000 til no) endre

Vest-Arktis endre

  • Koniaq
  • Old Bering Sea
    • Okvik
    • Birnirk – nordkysten av Alaska, 500- til 1100-talet.[34]
    • Punuk
    • Thule—Beringhavsthule
      • Vestleg Thule i Nord-Alaska
      • Kanadisk Thule
        • Inugsuk-Thule på Grønland
  • Thulekulturen (1000-1800-talet)
 
Ein inuitt forklarar funn frå Thulekulturen ved Chesterfield Inlet

Det relativt tempererte klimaet i Alaska hadde tillate mykje større kulturelle framsteg blant folka der i løpet av dei 3000 åra sidan Pre-Dorset-kulturen hadde forlate regionen.

Kulturelle og teknologiske framsteg i Alaska endre

Dei ulike folkeslaga ved Alaska-kysten hadde utvikla heilt nye teknikkar for jakt og fiske i denne perioden. Desse teknologiane endra også livsstilen og kulturen deira fundamentalt. Utviklinga omfatta båtar laga av vasstett selskinn strekt over trerammer, som kajakk (inuktitut qajag), brukt av jegerar, og umiak, ein stor båt brukt av grupper på opptil 20 kvinner; nye typar spyd, og harpunar utstyrte med søkke og dupp. Desse teknologiane gjorde at ein kunne driva kvalfangst, noko som danna ei viktig matkjelde (særleg kvalskinn, som er rikt på C-vitamin) og utvida utvalet av tilgjengelege materiale som kunne brukast til konstruksjon (bein og hud) og oppvarming (kvalolje). Utviklinga av hundesleder og igloar med inngangstunnel gjorde reise lettare og gav varmare bustader om vinteren. Alle desse framstega fremja danninga av nye sosiale, religiøse og kunstneriske verdiar.

Thule-migrasjonar endre

 
Restar etter ein Thule-bustad i Ukkusiksalik nasjonalpark

Det varmare klimaet i Nord-Amerika i 1000 e.Kr. gjorde at det blei meir leveleg landområde i Arktis, og bidrog til folkevekst. Truleg var denne utviklinga, saman med den konstante jakta på bytte til høgare breiddegrader og leiting etter meteorittjern, ei viktig drivkraft for migrasjonen av thulefolk frå Alaska til Nord-Canada og Grønland. I den såkalla «andre migrasjonen» vandra nokre av dei fordrivne gruppene sørover og slo seg ned i område rundt Hudsonbukta. Ifølgje inuittmytar blei folk frå dorsetkulturen assimilerte av den teknologisk overlegne Thule-kulturen dei fleste stader, men blei massakrerte i andre. Dorsetkulturen døydde deretter ut i heile Arktis i løpet av ein kort periode rundt 1000 e.Kr. Han heldt ut i nokre hundreår til i det nordlege Labrador og i Ungava-regionen (til ca. 1300 e.Kr.). Den isolerte sadlermiutgruppa, som overlevde til tidleg på 1900-talet på sørkystane av Southamptonøya og to øyar like ved, Walrus- og Coatsøya, viste moglege teikn til kulturell påverknad frå dorsetkulturen.

Thulefolka var dei direkte forfedrane til dagens inuittar. Dei stamma frå området rundt Beringsundet, men har namnet Thule etter staden ein fann dei fyrste spora etter bustadane deira: Thule på Grønland, no Qaanaaq.

Thulebustader endre

 
Restane av eit kvalbeinhus frå thulekulturen nær Resolute
 
Kvalbeinhus (med rekonstruert kvalbeinreisverk), nær Resolute

Typiske Thule-hus blei konstruerte med eit rammeverk av kvalkjevebein og ribber forankra i tundrajorda med steinar. Ein strekte dyreskinn over ramma og dekte dei med torv. Som overnattingsstad for lange jaktturar om sommaren brukte thulefolk skinntelt.

Kunstnariske aktivitetar endre

 
Inunnguaq, 'som ei menneskeform' (inuksuk)

Medan den kunstnariske produksjonen til Dorset-kulturen nesten utelukkande blei forma av sjamanistiske ritual og mytar, er slike påverknader knapt synlege i thulekunsten. Reiskapar som er funne i utgravingar av godt bevarte thulebustader viser berre dekorative snitt. Desse reiskapane verker å ha vore nesten heilt funksjonelle, utan rituelle føremål. Små figurative utskjeringar i elfenbein av kvinnelege figurar, vassfuglar og kvalar er også blitt funne på thulestader, men i relativt lite tal. Av og til blei vassfuglar avbilda med kvinnehovud og omvendt, men slike sjamanistiske utskjeringar er få blant dei allereie små delane figurative utskjeringar i thulekunsten.

Innan thulekunsten står skildringane av bjørn spesielt i kontrast til dorsetkunsten. I dorsetkunsten er bjørner realistisk avbilda innanfor stilistiske konvensjonar; i dag blir desse gjenstandane tolka som åndehjelparar eller amulettar mot farar som oppstår under jakta. I thulekunst er bilde av bjørn avgrensa til utskorne bjørnehovud som ein kan festa til harpunskaft. Om dei hadde eit dekorativt eller funksjonelt føremål er usikkert; truleg var det begge delar. Thulefolk brukte bjørnetenner som smykke eller jakttrofe. Gjenstandane etterlatne av thulefolk tyder på at dei generelt hadde ein meir komfortabel livsstil og hadde fritid til å dekorera dei personlege eigedelane sine - kunsten deira var ikkje eit resultat av sosiale eller økonomiske bekymringar.

Dei laga talrike, ulikt utforma inuksukar ('som ein mann'), skulpturar av steinar lagt oppå kvarandre som landemerke. Fleire av dei finst enno, og er døme på ei imponerande kunstform.

Overgangsfase (1300–1800-talet) endre

 
Fire vestgrønlendarar. Oljemåleri av ein ukjent kunstnar frå 1654.

Frå byrjinga av 1300-talet fann det stad ei gradvis nedkjøling i heile det kanadiske polararkipelet og fastlandskysten av Polhavet. Tida mellom 1550 og 1880, den såkalla «vesle istida», hadde temperaturar som var mykje lågare enn i dagens Nord-Amerika og Europa (med ein kort periode med høgare temperaturar kring 1800). Effekten av temperaturfallet på den jaktavhengige livsstilen til thulefolket var betydeleg. Heile regionar i Høg-Arktis blei avfolka, delvis på grunn av massemigrasjonar, men også av svolt for heile samfunn. Den tradisjonelle livsstilen blei berre halden vedlike av samfunn i dei relativt gjestfrie områda i Arktis: den sørlege enden av Baffinøya, Labrador og den sørlegaste spissen av Grønland. På Grønland utvikla thulefolk ein annan sosial struktur og nye bustadtypar, og blei til det som er kjend som Inugsuk-kulturen.

Dei fyrste europeiske kvalbåtane kom til Grønland på byrjinga av 1600-talet, og førte med seg raske endringar. Dei neste 150 åra passerte opptil 10 000 kvalbåtar forbi kysten av Grønland, og thulekulturen blei mykje påverka som følgje av dette. Dei nye handelsforholda gjorde inngifte med europear-kanadiarar og europear-amerikanarar vanleg; det var få inugsukar med rein inugsuk-avstamming etter fleire generasjonar.

Den historiske perioden til inuittane (frå 1800) endre

1800-talet blir rekna som byrjinga på «inuittkulturen». Sjølv om thuletradisjonane heldt fram på avgrensa vis, var levekåra til inuittane i den historiske perioden betydeleg dårlegare enn den til forfedrane deira 1000 år før. Teknisk standard og ånd i kunstverket deira byrja også å avta. Utskjering og dekorativ gravering blei til dømes sjeldnare og mindre differensiert. Det kaldare klimaet i perioden og den resulterande nedgangen i dyr som vilt gjorde at mange av inuittane blei nøydde til å forlata vinterbustadane sine på jakt etter bytte. I den nyleg nomadiske livsstilen bygde inuittane fleire mellombelse vinterbustader. Dette var teltliknande hytter bygde av stein, gras og snø. Inuittane kalla dei qarmaq. Teknikken med å laga igloar blei vidareutvikla og meir utbreidd.

Inuittar før koloniseringa kunne bu saman i små grupper og laust samansette større grupperingar, meir eller mindre nomadisk eller bufast. Medlemskapet i større grupper var basert på den frivillige samansluttinga av store og laust samansette klanar. Desse klanane var sette saman av utvida familiar - besteforeldre, foreldre og barn. Ein slik laus sosial struktur, som gav familiane sjølvforsyning og sjølvstyre, auka sjansane for overleving i tider med knappleik.

Jakt gav inuittane eit balansert kosthald og råvarer til klede, bustader, hushaldningsreiskapar og oppvarming, båt- og sledebygging, jaktvåpen, leiker og kunstverk. Steinar, som var nøye valde ut og utskorne, blei brukte til utvalde men viktige gjenstandar: pil-, spyd- og harpunhovud, skinnskraparar og knivar. Kleberstein, eit relativt mjukt og lett utskore materiale, blei brukt til å laga oljelampar (qulliq) og kokekar.

Plantemateriale spelte lita rolle i inuittkulturen, ettersom dei var så sjeldne. Det er lite tre i Arktis, bortsett frå i form av sporadisk drivved. Bein, støyttenner og gevir frå vilt blei brukt i staden. Ein samla inn bær i store mengder om seinsommaren, men sjølv om dei var ei kjelde til nokre vitaminar, var dei ikkje tilstrekkelege. Folk møtte vitaminbehovet sitt ved å eta rå animalske produkt, som muktuk (kvalskinn og spekk), kjøt og fisk.

Austlege inuittar sør på Baffinøya, kysten av Labradorhalvøya og av Grønland hadde rik tilgang på fangstdyr som sel, kvitkval, knølkval, narkval og kvalross. Desse gruppene var relativt bufaste, med fastlagde territorium seg imellom, og hadde leiarar kjende som ishumataq (bokstaveleg ‘han som tenker’). Denne gruppa telte truleg rundt 13 000 folk til saman før 1800, dei fleste busette på Grønland.[2]

Inuittar i den sentrale delen av utbreiingsområdet deira (no sentrale arktiske Canada), der det fanst færre sjøpattedyr, levde hovudsakleg av reinjakt og fiske, med noko selfangst om vinteren. Her budde folk spreidd og nomadisk. Denne grupperinga omfatta truleg ikkje meir enn 3 000–3 500 i tradisjonell tid.[2]

Dei vestlege gruppene inupiat og inuvialuit var dei mest materielt velståande. Dei var stort sett bufaste i større landsbyar langs kysten. Dei jakta sjøpattedyr om sommaren, og levde så langt mogleg på matlager om vinteren. Slekter hadde leiarar kalla umialit (‘rike menn’) i halv-nedervde stillingar. Denne grupperinga omfatta rundt 9 000–10 000 i om lag 30 ulike landsbyar eller stammar, ved byrjinga av 1800-talet.[2]

Kontakt med europearar endre

 
'Ajaguttaq syng ein trommesong'. Illustrasjon av Jens Kreutzmann frå rundt 1860-talet

Kontakt med europearar var ei anna viktig drivkraft for endring i kulturen til inuittane. Dei tidlegaste kontaktane med vikingane og seinare med oppdagingsreisande, fiskarar og kvalfangarar påverka kanadiske inuittar (i motsetnad til grønlandske) mindre djuptgåande og meir lokalt. Dei tidlege europeiske tilreisande hadde ikkje til hensikt å slå seg ned i Canada. Slike kontaktar viste seg å vera døyelege for mange inuittar på grunn av spreiinga av seksuelt overførbare sjukdommar, koppar og andre infeksjonssjukdommar.

I Canada etablerte Hudson's Bay Company seg i dei såkalla golde landa eller «Barren Lands» i Kivalliq vest for Hudsonbukta for å driva handel. Inuittane jakta ikkje lenger vilt for å skaffa seg mat og klede, men for å ha byttegods til å handla med utsendingar frå marknadar lenger sør i Amerika og i Europa. Pelsen til polarreven var særleg ettertrakta, men skinn og tenner frå kvalrossar og narkvalar var også ettertrakta. Etterspurnaden etter berre revepels førte til forstyrringar ettersom revefangst tradisjonelt blei utført av kvinnene. Tala på dyr som var ønskelege frå handelsmennene gjorde derimot at ein trengte å reisa langt for å fanga dei, og fellinga blei mannsarbeid. Gjennom handelen kunne inuittane skaffa seg varer frå den europeisk-kanadiske sivilisasjonen, som våpen og ammunisjon, tobakk, kaffi, te, sukker og mjøl. For å halda jegerane tilknytte til handelspostane sine lånte handelsmennene ut feller og gav kreditt til inuittane. Å bli meir avhengige av eit anna folkeslag betydde at det innfødde samfunnet mista den tidlegare sjølvforsyninga si. Dette endra den kulturelle utviklinga deira.

1900-talet endre

 
Kvinnebåt fotografert i 1911
 
Camp Ikirasaq (Southern Baffin Island), forlaten seint på 1940-talet

Ved byrjinga av 1900-talet budde dei fleste inuittar framleis i skinntelt om sommaren. Nokre av dei hadde allereie lerretstelt frå Hudson's Bay Company. Teltet var delt inn i ein bakdel som blei brukt til å sova i, vanlegvis oppheva av underlag, og ein fremre del for matlaging og opphald; ein tradisjon som framleis er utbreidd i dag. Soveplassen for kvinner var alltid ved sida av kudliken, ein oljelampe som vanlegvis er skoren ut av kleberstein og brukt til opplysing, oppvarming og matlaging, fordi det var hennar plikt å bruka han. Soveplassen for menn var i nærleiken av våpna og jaktutstyret; barna var plasserte mellom foreldra for varme. I dag er kudliken erstatta av eit nyare produkt, Coleman-omnen, som er enkel å transportera og kan ha bensin eller nafta som brensle.

I dei få sommarmånadane flytta folk til estuara der det var lettare å fanga ettertrakta røye, til dømes ved hjelp av fiskefeller, og egg frå sjøfuglar. For innlandsinuittar var karibu den viktigaste ressursen; desse reinsdyra gav kjøt, skinn til å laga klede og sener som kunne brukast til tråd og reip. Kyst-inuittar jakta hovudsakleg på sel og kvalross og, avhengig av region, på narkval og kvitkval, i tillegg til ein og annan karibu. Selane blei også brukt til mat for menn og hundar. Olja deira blei brukt til kudlikane, og skinna og senene deira til å laga selstøvlar (kamik), kajakkdekke, tau (også tau til hundesleder) og hundepiskar.

Om vinteren budde inuittane i igloar, som blei bygde separat eller forbundne med tunnelar. Nokre av familiane som ønskte å bu på permanente bustader bygde seg delvis underjordiske heima av stein, kvalbein, pels og torv, såkalla qarmaqar. Bygginga av slike leirar er tydeleg baserte på Thule-tradisjonen. Om vinteren brukte dei qarmaq, men om sommaren føretrekte dei å bu i dei luftigare telta.

Dei harde vêrtilhøva om vinteren gjorde at familiar heldt seg nærare saman då. Ulike grupper kunne vitja felles jaktstader og utveksla nyhende, erfaringar og ikkje minst mat frå ulike kjelder. Om vinteren reiste ein med hundespann, og truleg også til fots.

I den varmare årstida brukte folk typisk kajakk eller den større umiaken, kvinnebåten, for familiar. Dei kunne også flytta seg til fots. Tradisjonelle landruter gjekk til dømes frå Wager Bay til Naujaat (Repulse Bay) i nord til Chesterfieldbukta med den tilstøytande Bakersjøen i sørvest og til Chantreybukta ved Polhavet i nordvest.

Frå byrjinga av 1900-talet fann det stad radikale endringar for det arktiske folket. Grønland blei vitja med aukande hyppigheit: Alfred Wegener leia ein ekspedisjon i 1912–13, og Thule-ekspedisjonane til Knud Rasmussen fann stad i 1915–1924. I 1933 stadfesta Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie Danmark sin autoritet på Grønland, med kulturelle, politiske og strukturelle konsekvensar for inuittane.

Handelsfolk, misjonærar og statlege representantar slo seg ned i regionen og påverka livet til dei innfødde direkte. Kanadiarane bygde dei fyrste administrasjons- og politistasjonane sine i 1903, nær den viktige kvalfangstbasen Fullerton Harbor ved Hudsonbukta og på Herschel Island nordvest for Mackenzie-deltaet. Same året byrja norske Roald Amundsen å passera den berømte Nordvestpassasjen med skipet «Gjøa» på ein meir sørleg kurs enn føregangarane sine, langs det kanadiske fastlandet.

Tradisjonelle skikkar endre

 
Tradisjonelt levesett i Camp Najutaqtujuq på Nord-Baffinøya

Tradisjonell religion endre

Tradisjonell inuittisk religion er animistisk.[26] I denne trua er verda styrt av åndekrefter som kan vera farlege, og som ein må prøva å halda vennlegsinna ved å følgja visse tabu og ritual. Brot kunne føra til uvêr, ulukker og svolt. Sjamanar, angiguk, hadde særskilde krefter knytte til åndeverda, som å flyga, dra til underverda eller ta dyreham. Sjamanar kunne bruka krafta si til å hjelpa eller plaga folk.[2]

Høgtider endre

 
Teppekast under nalukataq

Høgtida knytt til nyåret er quviasukvik, som blir halden ved juletider.[35] Nalukataq er ei iñupiathøgtid knytt til vintersolkvervet og kvalfangst.[36]

Fødsel endre

I følgje overleveringar frå eldre gjekk fødslar ideelt sett føre seg med både assistent og jordmor til stades, men på grunn av den jaktbaserte levemåten skjedde mange fødslar under reise eller i ein jaktleir. I desse tilfella ville anten mennene hjelpa til, eller kvinna fødde åleine.[37]

I samfunnet var ei jordmor (kisuliuq, sanariak) eit høgt akta kvinneleg medlem av samfunnet som hadde tileigna seg erfaring og dugleik i fødselshjelp ved å delta ved fødslar med mor si, ein eldre person eller ei anna jordmor i samfunnet; ofte frå ung alder.[38]

Barsel og fødsel var tider med stor feiring i inuittsamfunnet.[39] Ei kvinne fekk tradisjonelt hjelp frå jordmora og andre kvinner i samfunnet frå ho byrja å få rier.[39] Svært ofte blei det venta at kvinner skulle halda fram med dei daglege gjeremåla sine fram til dei seine stadia av fødselen, og tola fødselssmerter utan hjelp av smertebehandling.[39][40]

Nyfødde endre

 
Kvinne som ammar barn, fotografert i 1908.

Fødselen av eit barn i ein leir fører til utbreidd feiring i samfunnet, og alle, inkludert barn, handhelsar på den nyfødde.[39]

Like etter fødselen kjent ein utpeikt person, ofte jordmora, på kjønnsorgana til spedbarnet for å fastsetja kjønnet. Denne personen blei deretter sanaji for barnet (for ein gut) eller arnaliaq (for ei jente), og tok på seg ei livslang rolle i livet til barnet. Om barnet var ein gut, ville han seinare kalla denne personen sin arnaquti og gje henne den fyrste fangsten sin. Sanajien hadde også ansvar for å kutta navlestrengen, sørga for dei fyrste kleda til spedbarnet, gje barnet namn (tuqurausiq), signa det (kipliituajuq) og gje barnet ønska eigenskapar.[41]

I sjeldne høve kunne barnet reknast som sipiniq (inuktitut ᓯᐱᓂᖅ), der ein meinte barnet hadde endra kjønn frå mannleg til kvinneleg nett då det blei fødd.[42] Dette konseptet har ein fyrst og fremst høyrt om frå område av det kanadiske arktiske området, som Igloolik og Nunavik.[43]

Etter at barnet var undersøkt av jordmorar og/eller sanaji, blei barnet gjeve til mora for amming.[39] Ifølgje dei eldre var barnet i nesten konstant fysisk kontakt med mora frå det var fødd. Det sov på familieplanet, sat i amautien (barneberarhetta til mora), eller dia inni parkaen hennar.[44]

Namngjeving endre

Namngjeving eller tuqurausiq blei utført av sanaji eller jordmor, og var ein høgt verdsett praksis som knytte barnet til ein slektning eller avdød venn av familien. Inuittane meinte at spedbarnet tok til seg sjela eller ånda til ein nylig avdød slektning eller samfunnsmedlem når det blei født. Gjennom namnet tok barnet bokstaveleg talt til seg forholdet til namnebroren. Om eit barn til dømes blei kalla opp etter mor til nokon, ville familiemedlemmer deretter kalla barnet «mor» og gje det same respekt som ein ville visa mora.[39] I tillegg var barnet ein representant for namnebroren, og blei generelt rekna for å vita kva denne ønska eller trengde. På grunn av denne trua blei det rekna som upassande å fortelja eit barn kva dei skulle gjera, ettersom det verka som å befala ein eldre person eller ein annan vaksen å gjera noko, i strid med sosiale normer i inuittkulturen.[44] Barn på 2000-talet blir framleis kalla opp etter andre familiemedlemmer, men namnet kan vera engelsk eller dansk i staden for å vera eit tradisjonelt inuittnamn.

Menstruasjon endre

Tradisjonelt fekk inuittjenter lite informasjon om pubertet, fruktbarheit og graviditet. Eldre har fortald at det ikkje var uvanleg at ungjente blei liggande i senga når dei nådde menarke (fekk sin fyrste menstruasjon) fordi dei trudde dei var sjuke eller noko anna var feil.[45] Mora til ei ungjente kunne så informera henne om skikkar kring menstruasjon. Under menstruasjon blei kvinner venta å følgja visse skikkar, mellom anna 1) ikkje å sitja der menn satt, 2) bruka skinn frå kanin eller rev[46] eller mose[47] og andre klede, men ikkje mannsklede, til menstruasjonsbind, og 3) legga kaninskinn på senga om natta for å trekka til seg blodet. I følgje eldre måtte kvinner følgja fleire regler enn menn på grunn av menstruasjonen, og nokre reglar blei ikkje berre rekna som tradisjon, men også tabu om ein ikkje følgde dei. Til dømes kunne det å bruka mannsplagg som bind hindra den unge kvinna i å finna ein ektemann.[38]

Ekteskap endre

Ei kvinne blei typisk gift når ho var 14–15 år gammal og ein mann når han blei rekna som vaksen, typisk når han var rundt 20 år. Tatoveringar var vanlege for kvinner for å markera ulike overgangar, og kvinner var fyrst rekna som gifteklare når dei hadde tatoveringar i ansiktet.[48]

Ekteskap blei vanlegvis arrangerte av foreldra til ekteparet, nokre gonger når dei var små, og spegla ofte eit ønske om å knytta band mellom familiane. I nokre delar av Arktis var det også ein tradisjon for menn å «stela» kona si frå ein leir, noko som symbolsk viste at familien ikkje ville at dottera skulle forlata leiren deira. I slike tilfelle ville familien seinare feira ekteskapet før kvinna flytta til mannen sitt område.[44]

Før kristninga av inuittane (kalla siqqitiq av inuittar) var polygami, vanlegvis polygyni og sjeldnare polyandri, ikkje uvanlege ekteskapsformer blant inuittar. Forhold utanfor ekteskapet var aksepterte, særleg i samband med langvarige jaktreiser. I samband med koloniseringa kunne desse skikkane føra til konflikt. På den eine sida blei dei rekna som syndige av misjonærar, på den andre sida gjorde dei at folk blei sett på som seksuelt lettliva og blei utnytta på måtar som kunne føra til prostitusjon og seksuell utnytting.[49]

Familieliv endre

 
Inuittisk familie utanfor eit telt, fotografert ved Fort Chimo i 1896.

Fram til midten av 1900-talet, dvs. fram til ein gjekk over frå å bu i spreidde leirar til faste busetnader, var det ei nokså gjennomført arbeidsdeling mellom menn og kvinner innanfor familiane og familiegruppene i Nord-Canada. Mennene var ansvarlege for å skaffa av mat, særleg gjennom jakt og fiske, og for teknisk arbeid (inkludert bygging av igloer, qarmaqar og telt). Inuittkvinnene hadde hovudsakleg ansvaret for familien og heimen, som å passa på småbarn, ta seg av felt bytte (konservering av kjøt, reingjering av pelsverk og liknande), sying av klede, vedlikehald av elden i ein qulliq, osb., medan deltakinga deira i jakt og fiske var avgrensa. Om ein familie mista forsørgjaren sin, som i ei ulukke, var han vanlegvis avhengig av støtte frå andre familiar. Nokre gonger blei enka teken som ei ekstra kone av ein nær slektning av den avdøde.

Ettersom menn nokre gonger måtte reisa over store avstandar for å skaffa mat, var ikkje kjønnsdelinga absolutt. Menn måtte til dømes kunna sy dersom det var nødvendig å reparera kleda deira under reiser. Samtidig måtte kvinner vita korleis dei skulle jakta og kunne hjelpa til med iglobygging.

Overgangen frå å bu i leirar til å bli bufaste, ei endring som hovudsakleg gjekk føre seg i løpet av 1950-åra, førte til betydelege endringar i denne ordninga. Gjennom yrke som var heilt nye for dei, som innan helsevesen og lokal administrasjon, men også innan inuittkunst, kunne kvinner tena pengar og bidra på same måte som menn til å forsørgja familiane sine. I dag er oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom menn og kvinner blant inuittar ikkje så ulik frå den i andre vestlege industrialiserte nasjonar. I Nordvestterritoria i Canada var den fyrste kvinnelege leiaren inuittiske Nellie Cournoyea. I Nunavut er kvinnelege representantar og ministrar like vanlege som mannlege.

Svangerskap endre

Unge inuittjenter blei rådde frå seksuell omgang før dei nådde «barselalder», etter ekteskap, når dei var rundt 15. Så snart dei merka at dei var gravide var det viktig at kvinnene fortalde at dei var svangre til mor si, ektemannen og dei næraste rundt, ettersom inuittane meinte at denne tilstanden kravde særskilde omsyn for å trygga helsa til mora, babyen og leiren. For å hindra spontanabort måtte ektemannen og leiren sørga for at kvinna ikkje blei psykisk stressa eller utmatta under svangerskapet.

Det fanst mange tabu, kjende som pittailiniq, knytte til svangerskap. Desse skulle hindra komplikasjonar, fremma ein sunn fødsel og sikra barnet ønska eigenskapar. Til dømes fanst det pittailiniq om å oppretthalda fysisk aktivitet gjennom heile svangerskapet og motstå lediggang eller latskap, fordi dette blei rekna for å kunna påverka fødselen negativt.[38] Eit anna vanleg pittailiniq instruerte kvinna til å massera magen til ho kjende at fosteret rørte på seg, slik at ungen ikkje skulle «sitja fast» i livmora.[39]

Den fanst også mange tabu knytte til kosthald under svangerskapet. Overleveringar frå eldre fortel konsekvent om at gravide kvinner skulle avstå frå rått kjøt og berre eta varmebehandla kjøt under svangerskapet. Menn blei også forventa å følgja denne regelen, men berre når dei var i lag med konene sine. Fortrinnsbehandlinga av gravide gjaldt også mat, og dei beste kjøtstykka og maten blei alltid gjevne til den gravide.

Død endre

 
Menneskeleivningar på ein strand nær Bathurst Inlet
 
Gravlunden i Resolute ved Barrow Strait (Parry Channel)

Då inuittar framleis levde i leirar som nomadar hadde dei ingen særskilde gravplassar. Før ein gravla ein avdød vaska kvinnene i leiren kroppen deira og stelte håret; på døde kvinner fletta dei håret frå panna. Så pakka dei inn kroppen i eit stort teppe av karibuskinn eller ull og la han langt ute på tundraen, med ansiktet opp. Dei stabla vardar oppå for å verna kroppen mot åtseldyr. Likevel kan ein finna spreidde menneskebein over heile tundraen, noko som vitnar om at rovdyr kan ha hatt tilgang.

Det er funne liknande gravskikkar frå tidlegare hundreår. 500 år gamle Qilakitsoq-mumiar viser til dømes at Thule-folket pakka inn og verna avdøde på same måte.

Inuittar trudde at nordlyset var synlege teikn frå dei døde eller frå åndene deira. Nokre trudde at plystring ville bringa lyset til jorda der det ville fjerna det plystrande hovudet og bruka det som fotball. I nokre område kunne inuittbarn som frykta spøkelsa til dei avdøde plystra eller blåsa luft mot hendene sine for å «blåse bort» dei overnaturlege vesena. I andre område, som Aust-Grønland, var nordlys rekna som åndene til døde barn.[50]

Sidan ein slo seg ned på faste buplassar har ein gravlagt døde på gravlundar. Alle medlemmene av samfunnet deltar i minnesongar som kan vara i timevis, og der bustaden ser aude ut. På grunn av permafrosten er ikkje gravstadane djupe, og dei er dekte av steinar. Krossar står skeivt på den skiftande permafrosten.

Materiell kultur endre

Arkitektur endre

Om sommaren budde nomadiske inuittar i skinntelt. Om vinteren overvintra dei i igloar laga av snøblokker, eller halvt underjordiske hus, qarmaqar, som ein konstruerte av rammeverk av tre eller kvalbein og dekte med stein eller torv.[26] Det viktigaste prinsippet for alle bygningskonstruksjonane var den senka inngangstunnelen, som fungerte som vindstengsel og kuldefelle. Det indre opphaldsområdet blei konstruert på eit høgare nivå slik at den tyngre kalde lufta ikkje kunne koma inn lett.

Igloar kunne vera bygde separat eller forbundne med tunnelar. Ein trong snø av ein bestemt konsistens for å bygga dei. Igloane hadde same generelle innreiing som telta. Det viktigaste elementet var ein senka inngangstunnel, som stoppa den tyngre kalde lufta og vinden frå å koma inn. Som ekstra førebygging mot kulde blei soveområdet opphøgd i høve til opphaldsområdet med eit snølag.

Klede og utstyr endre

For meir om dette emnet, sjå inuittiske klede.
 
Kvinner i tradisjonelle anorakkar med amauti.
 
Teppe av selskinn

Inuittane hadde utvikla vinterklede som sørga for effektiv bruk av kroppsvarmen, og unngjekk hol som ville tillata luft å lekka ut. I tillegg til selskinn brukte ein hovudsakleg karibuskinn, og på Grønland også isbjørnpels. For å skapa ei pute av varm luft blei kleda formsydd laust og borne i to lag, det ytre med hårsida vendt inn, det indre med hårsida vendt ut. Om sommaren brukte ein berre det indre laget. Hetta var festa på innsida av jakke slik at ein unngjekk lekkasje av varm luft i nakken. Mødrer brukte ein ekstra del av hetta for å bera smårollingar i anorakken (amauti).

Viktig utstyr var fottøy, kamikkar, som kunne lagast for å isolera mot kulde eller mot væte, snøbriller, som verna mot snøblinde, og ulike våpen og reiskapar, som harpun og kniven ulu.

Mat endre

Kjøt og spekk frå havpattedyr, kjøt frå landdyr som karibu (reinsdyr), moskusfe og isbjørn og fisk er viktige tradisjonelle næringskjelder. Desse mattypane kan ein eta ferske, utan varmebehandling, eller kokt seinare. Ein let også gjerne maten frysa, og kan eta han frosen. Igunaq er ein tilreiingsmåte der ein grev ned kjøt og let det fermentera i løpet av sommaren og hausten, før det frys om vinteren.

Andre matkjelder er fuglar og egga deira. Ein har også nytta sanka bær, røter og visse blad (t.d. lokale rhododendronslag nytta til labradorte), skot av geitrams og sjøgras.

Nokre tradisjonelle rettar er akutaq, ein slags iskrem der bær blir blanda med feitt, bannock, eit flatbrød, og suaasat, ei suppe laga av sel, kval, karibu eller sjøfuglar.

Mat er svært viktig i inuittisk kultur, og er rekna som eit fellesgode. Det er knytt ulike tabu til mat og matlaging. Til dømes har det vore rekna som eit tabu å koka kjøt frå landdyr og havdyr i same gryte.[2]

Transportmiddel endre

 
Tradisjonell hundeslede (qamutik) er i dag nesten heilt erstatta av snøskuter, bortsett frå ved høgtidelege høve.

Inuittane utvikla ulike båtar laga av vasstett selskinn strekt over trerammer. Kajakk (inuktitut qajag) blei brukt av einskilde jegerar, medan kvinnebåt eller umiak var ein stor båt brukt av grupper på opptil 20 kvinner eller fleire jegerar saman. Desse båtane er i moderne tid blitt erstatta av ulike motorbåtar.[26]

På land var hundespann det vanlegaste transportmiddelet. Desse er hovudsakleg blitt erstatta av snøskuter i nyare tid.[26]

Leik og idrett endre

Snorleik er ei tradisjonell form for leik eller handarbeid som kunne utførast av fleire ulike medlemmar av samfunnet. Leiken går ut på å laga figurar med eit snøre ein har rundt hendene. Tradisjonelt kunne jenter leika med dei som førebuing til å læra å sy og delvis som ei rituell handling. Ofte laga ein snorfigurar i samband med rim og songar som skildra historier, legender og mytar.[51]

Øyredragkamp er ei tradisjonell tevling der to deltakarar festar ei snor bak øyrer og drar fram til snora fell av eller ein av deltakarane gjev seg. Eit føremål med utøvinga skal vera å læra seg å uthalda smerte.[52]

Ei anna øving med opphav i tradisjonell kultur er høgdespark. Ein utøvar hoppar opp med føtene haldne parallelt og sparkar ein liten ball av selskinn som heng i ei snor. Denne skikken stammar frå ein måte jegerar pleidde å visa korleis jakta hadde gått når dei vende tilbake til busetnaden.[52]

Teppekast er ein aktivitet som går ut på å kasta ein deltakar opp i lufta på eit sterkt lerret eller skinn. Aktiviteten er både knytt til høgtider, som nalukataq, og tevlingar.[36]

Litteratur endre

Ein særskild del av den fleire hundreår gamle kulturarven til inuittane er mytane og legendene deira, som berre hadde blitt overført munnleg, fordi inuittane ikkje hadde noko skriftspråk og derfor ikkje nokon nedskriven litterær tradisjon. I inuittisk kultur hadde forteljing same funksjon som litteratur i andre kulturar. Den munnlege framføringa av overlevert kunnskap gav inuittfamiliar ei kjensle av samhøyr. Samstundes skapte forteljing eit samband mellom fortid og notid, fordi dei essensielle utsegnene var blitt gitt frå generasjon til generasjon og akseptert som sanning. Blant inuittane er det til og med i våre dagar få forfattarar i streng forstand: forfattarar skriv hovudsakleg rapportar, samandrag og artiklar om tradisjonelle kontekster, eller eigne erfaringar («sakprosa»), i sjeldne tilfelle dikt (for det meste hymne) eller songar.

Nokre få kjende inuittforfattarar har skrive verk som kan klassifiserast som romanar, som Mitiarjuk Nappaaluk sitt verk Sanaaq,[53] Markoosie Patsauq sitt Harpoon of the Hunter[54] og Tanya Tagaq sitt Split Tooth.[55] Desse verka føyer seg ofte ikkje etter konvensjonelle vestlege sjangerkrav, og kan typisk blanda element frå både fiksjon og sakprosa.[56]

Nokre av dei best kjende inuittforfattarane er Peter Irniq (f. 1947), forfattaren, teiknaren og fotografen Alootook Ipellie (f. 1951), barnebokforfattaren Michael Kusugak og den tidlegare leiaren for Makivik Corporation Zebedee Nungak (f. 1951).

Musikk og dans endre

Inuittar har ein musikktradisjon kjend som aya-yait, med songar som blei brukte til å overføra opplevingar frå generasjon til generasjon. Namnet kjem av refrenget «aya-ya». Trommedans eller trommesong er ein musikktype som typisk blir framført i samband med høgtider, feiringar eller andre samkome. Ein eller fleire utøvarar kan spela trommer, og folk kan synga i kor til. Denne musikkforma er oppført på UNESCO si liste over immateriell verdsarv.[57]

Den tradisjonelle strupesongen, så vel som den rituelle trommedansen, blei brukte både til underhaldning og til mytologisk-religiøse skikkar.

Inuittane høyrde fyrst europeiske melodiar frå kvalfangarane. Med dei såg dei også europeiske instrument for fyrste gong, som fele og trekkspel, som begge har vore populære blant inuittane fram til i dag. Square-dansen lærte dei også av kvalfangarane. Dei siste tjue åra har ei form for popmusikk blitt utbreidd i Arktis, som inuittane tok til seg frå sør og deretter modifiserte på sin egen måte. I dag er Susan Aglukark kanskje den mest populære inuittsongaren. Andre songarar er Tagaq, Charlie Panigoniak og Lucie Idlout. Fleire artistar som Tagaq, Idlout og Kelly Fraser har teke for seg historisk urett og nyare samfunnsproblem gjennom både musikk og aktivisme.[58]

Biletkunst endre

 
Trekiste med utskorne figurar av menneske og dyr frå Angmagssalik på Grønland, ca. 1890.

Tradisjonelt var inuittiske kunstgjenstandar små og flyttbare, typisk skorne ut av kvalrosstenner. Frå midten av 1900-talet blei det utvikla kunst i nye medium, som litografi og figurar skorne ut i relativt mjuke steintypar som kleberstein. Motiv for kunsten kan vera dyreliv, familie, leirliv, jakt og fiske, mytologi og sjamanisme. Klebersteinskulpturar, kunstnariske teikningar og trykk (med eit senter i Kinngait), oppheng og biletvev (det siste hovudsakleg i Arviat, Baker Lake og Pangnirtung), klede, keramikk og dokker gjev eit grunnleggjande levebrød for eit stort tal inuittkunstnarar i dag. Kunsthandverk har vore ei inntektskjelde for inuittar dei fyrst fekk kontakt med europearar. I nyare tid har det også vore ein måte å uttrykka identitet på som del av eit storsamfunn.[59]

Nokre kjende moderne inuittiske kunstnarar er Germaine Arnaktauyok, Kenojuak Ashevak, Alootook Ipellie, Annie Pootoogook og Andrew Qappik.

Film endre

Stumfilmen Nanook of the North frå 1922, regissert av Robert J. Flaherty, skildrar det tradisjonelle livet til inuittar. Han vert rekna som den fyrste heilaftans dokumentarfilmen i filmhistoria, med dramadokumentartrekk der nokre scener og roller er iscenesette. Igloo frå 1932 blei også presentert som ein dokumentarfilm, «an authentic story based upon incidents in the life of the Primitive Eskimo in the Arctic Circle».[60] Palos brudefærd frå 1934 var derimot ein spelefilm med manuskript av Knud Rasmussen, men viste inuittiske tradisjonar.

Atanarjuat – The Fast Runner frå 2001, regissert av Zacharias Kunuk, var den fyrste langfilmen som blei skriven, regissert og spelt på inuktitut.

Nokre andre filmar knytte til inuittisk kultur er:

  • Eskimo (Peter Freuchen, W. S. "Woody" Van Dyke II), 1932–33
  • Trial at Fortitude Bay (Victor Sarin), 1994
  • Kikkik (Martin Kreelak, Ole Gjerstad, Elisapee Karetak), 2000
  • Minik (Axel Engstfeld), 2006
  • The Necessities of Life (Benoît Pilon), 2008

Kjelder endre

  1. "Inuit", Canadian Encyclopedia
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Morrison, David (2004). «Inuit culture». The Oxford Companion to Canadian History (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-541559-9. 
  3. Morrison, David (2004). «Inuit history». The Oxford Companion to Canadian History (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-541559-9. 
  4. «Climate change: Greenland's culture shifts as Arctic heats up». BBC News (på engelsk). 12. oktober 2022. 
  5. «Inuit, Inuk (Linguistic recommendation from the Translation Bureau)». Public Works and Government Services Canada. 2021. 
  6. Hessel, Ingo. Arctic Spirit: Inuit Art from the Albrecht Collection at the Heard. Vancouver: Douglas and McIntyre, 2006: x. ISBN 978-1-55365-189-5.
  7. Israel, Mark. «Eskimo». Alt-usage-english.org. Arkivert frå originalen 22. februar 2001. Henta 13. juni 2012. 
  8. Mailhot, Jose (1978). «L'etymologie de "esquimau" revue et corrigée». Études/Inuit/Studies 2 (2). 
  9. «Cree Mailing List Digest November 1997». Arkivert frå originalen 20. juni 2012. Henta 13. juni 2012. 
  10. Goddard, Ives (1984). Handbook of North American Indians, Vol. 5 (Arctic). Smithsonian Institution. ISBN 978-0-16-004580-6. 
  11. Kaplan, Lawrence. "Inuit or Eskimo: Which name to use?" Arkivert 2016-08-18 ved Wayback Machine. Alaskan Native Language Center, UFA. Retrieved 27 Nov 2013.
  12. 12,0 12,1 «Setting the Record Straight About Native Languages: What Does "Eskimo" Mean In Cree?». Native-languages.org. Henta 13. juni 2012. 
  13. Eskimo Arkivert 2001-04-12 ved Wayback Machine., American Heritage Dictionary of the English Language: Fourth Edition, 2000
  14. Stern, Pamela R. (27 July 2004). Historical Dictionary of the Inuit By Pamela R. Stern. ISBN 9780810865563. Henta 13. juni 2012. 
  15. «Worn Path Essay | Bartleby». www.bartleby.com. Arkivert frå originalen April 12, 2001. 
  16. Robert Peroni and Birgit Veith. «Ostgroenland-Hilfe Project». Ostgroenland-hilfe.de. Arkivert frå originalen 18. mars 2012. Henta 13. juni 2012. 
  17. «Eskimo | Definition, History, Culture, & Facts». Encyclopedia Britannica. 
  18. Hersher, Rebecca (24. april 2016). «Why You Probably Shouldn't Say 'Eskimo'». NPR. Henta 1. april 2021. 
  19. «Eskimo: Websters Dictionary». Henta 1 April 2021. 
  20. Kaplan, Lawrence. «Inuit or Eskimo: Which name to use?». Alaska Native Language Center, University of Alaska Fairbanks. Henta 1. april 2021. 
  21. «Expert says 'meat-eater' name Eskimo an offensive term placed on Inuit». Henta 1. april 2021. 
  22. «The World Factbook (Greenland)». Central Intelligence Agency. 2018. Henta 13. november 2018. 
  23. «Greenland: Brain drain to Denmark». 30. mars 2015. Henta January 25, 2016. 
  24. «ICC INTERNATIONAL | ICC Alaska». 
  25. Pound, Richard W. (2005). 'Fitzhenry and Whiteside Book of Canadian Facts and Dates'. Fitzhenry and Whiteside. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 «Inuit | Definition, History, Culture, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 5. november 2022 
  27. Naske and Slotnick, 1987, s. 18.
  28. Bruce G. Trigger; Wilcomb E. Washburn (1996). The Cambridge History of the Native Peoples of the Americas. Cambridge University Press. s. 192. ISBN 978-0-521-57392-4. 
  29. William G. Dean; Geoffrey J. Matthews (1998). Concise Historical Atlas of Canada. University of Toronto Press. s. 2. ISBN 978-0-8020-4203-3. 
  30. Harris, R. Cole; R. Louis Gentilcore; Geoffrey J. Matthews; Donald P. Kerr (1987). Historical Atlas of Canada. University of Toronto Press. s. 28–29. ISBN 978-0-8020-2495-4. 
  31. Cameron B. Wesson (2009). The A to Z of Early North America. Scarecrow Press. s. 155. ISBN 978-0-8108-6339-2. 
  32. Christyann Darwent and John Darwent, "The Enigmatic Choris and Old Whaling Cultures of the Western Arctic". The Oxford Handbook of the Prehistoric Arctic (2016), edited by Max Friesen and Owen Mason
  33. Igloo (originally iglu) can refer to any kind of house, although it is usually used to refer to domed snow dwellings. Definition
  34. Gibbon, Guy; Ames, Kenneth (1998). Archaeology of Prehistoric Native America: An Encyclopedia. Routledge. s. 72–73. ISBN 9780815307259. 
  35. Laugrand, Frédéric; Oosten, Jarich (January 1, 2002). «Quviasukvik. The celebration of an Inuit winter feast in the central Arctic». Journal de la Société des américanistes 88 (88): 203–225. doi:10.4000/jsa.2772 – via journals.openedition.org. 
  36. 36,0 36,1 Robinson, Elizabeth (2018). «Dancing in the air, standing out at sea: An analysis of Nalukataq, the blanket toss» (på engelsk). 
  37. Douglas, V. (2006). Childbirth among the Canadian Inuit: A review of the clinical and cultural literature. International Journal of Circumpolar Health, 65(2), 117-132.
  38. 38,0 38,1 38,2 Nakasuk S, Paniaq H, Ootoova E, Angmaalik P. (1999) Pregnancy. Interviewing Inuit elders Introduction (1): 141-143. Nunavut Arctic College.
  39. 39,0 39,1 39,2 39,3 39,4 39,5 39,6 Ekho, N., & Ottokie, U. (2000). Childrearing practices. In J. Briggs (Ed.), Interviewing Inuit elders (pp. 1-137). Iqaluit, NU: Nunavut Arctic College.
  40. Gafvels, K. (2010). Bringing birth back: Midwifery implementation in nunavut. Unpublished manuscript.
  41. «Interviewing Inuit Elders Childrearing Practices» (PDF). 
  42. Smith, Eric Alden; Smith, S. Abigail; et al. (1994). «Inuit Sex-Ratio Variation: Population Control, Ethnographic Error, or Parental Manipulation? [and Comments and Reply]». Current Anthropology 35 (5): 617. ISSN 0011-3204. JSTOR 2744084. doi:10.1086/204319. 
  43. Kobayashi Issenman, Betty (1997). Sinews of Survival: the Living Legacy of Inuit Clothing. Vancouver: UBC Press. s. 214. ISBN 978-0-7748-5641-6. OCLC 923445644. 
  44. 44,0 44,1 44,2 Boult D. (2006) The Inuit Way: A Guide to Inuit Culture. Pauktuutit Inuit Women's Association.
  45. Qinuajuak, L. (1996). Inuit birth traditions. Midwifery Today and Childbirth Education, (40), 56.
  46. Kid, Milky Bar. «Scotty Gall 1903 -1996: 6. New Diseases - Article from the Edmonton Journal, Sunday November 1, 1992». 
  47. «Health care in North must acknowledge Inuit values, traditional medicine». www.collectionscanada.gc.ca. 
  48. Gaul, Ashleigh (September 2014). «Between the Lines». Up Here (på engelsk). Up Here Publishing. Arkivert frå originalen 24 January 2022. Henta 12 March 2022. 
  49. Barüske, Heinz. (in German) Grönland. Kultur und Landschaft am Polarkreis. DuMont, Cologne 1990, ISBN 3-7701-1544-9
  50. «Lesson 24: Aurora Borealis - The Northern Lights (Study English Today)». www.studyenglishtoday.net. 
  51. Frederic V. Grunfeld (red.), Oker: Spiele der Welt II. (in German) Fischer, Frankfurt/M 1984. ISBN 3-596-23075-6
  52. 52,0 52,1 «Eskimo-Indian Olympics Capture Native Traditions». NPR.org (på engelsk). 23. juli 2007. 
  53. «Sanaaq: first novel in Inuktitut, now in English». CBC News Montreal. 18. januar 2014. Henta November 1, 2018. 
  54. "Markoosie". Oxford Reference.
  55. "Tanya Tagaq steps out onto an unfamiliar stage". Now, September 12, 2018.
  56. "Fracturing to Survive in Tanya Tagaq's 'Split Tooth'". PopMatters, January 17, 2019.
  57. «UNESCO - Inuit drum dancing and singing», ich.unesco.org (på engelsk), henta 25. september 2022 
  58. «Kelly Fraser, Juno-nominated Inuk singer-songwriter, dead at 26». CBC News. 27. desember 2019. 
  59. Finckenstein, Maria von (2004). «Inuit art». The Oxford Companion to Canadian History (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-541559-9. doi:10.1093/acref/9780195415599.001.0001/acref-9780195415599-e-798?rskey=x8lo5d&result=17. 
  60. «AFI|Catalog - Igloo», catalog.afi.com, henta 22. november 2022 

Bibliografi endre

  • Barry Lopez: Arctic Dreams. Random House, Vintage, Bantam, Simon & Schuster 1986. ISBN 978-0553263961 (National Book Award for Nonfiction)
  • Bryan & Cherry Alexander: Eskimo – Jäger des hohen Nordens. Belser, Stuttgart 1993. ISBN 3-7630-2210-4
  • Kai Birket-Smith: Die Eskimos. Orell Füssli, Zürich 1948.
  • Fred Bruemmer: Mein Leben mit den Inuit. Frederking & Thaler, München 1995. ISBN 3-89405-350-X
  • Ernest Burch Jr., Werner Forman: The Eskimos. University of Oklahoma Press, Norman 1988, Macdonald/Orbis, London 1988. ISBN 0-8061-2126-2
  • Brian M. Fagan: Das frühe Nordamerika – Archäologie eines Kontinents. C. H. Beck, München 1993. ISBN 3-406-37245-7
  • Kenn Harper, Kevin Spacey: Give Me My Father's Body. The Life of Minik, the New York Eskimo. Steerforth Press, South RoyaltonVT 2000. ISBN 1-883642-53-1
  • Kenn Harper: Minik – Der Eskimo von New York. Edition Temmen, Bremen 1999. ISBN 3-86108-743-X (deutsche Ausgabe)
  • Richard Harrington: The Inuit – Life as it was. Hurtig, Edmonton 1981. ISBN 0-88830-205-3
  • Gerhard Hoffmann (Hrsg.): Im Schatten der Sonne – Zeitgenössische Kunst der Indianer & Eskimos in Kanada. Edition Cantz, Stuttgart 1988. ISBN 3-89322-014-3
  • Betty Kobayashi Issenman: Sinews of Survival – The Living Legacy of Inuit Clothing. UCB Press, Vancouver 1997. ISBN 0-7748-0596-X
  • Robert McGhee: Ancient People of the Arctic. UBC Press, Vancouver 1996. ISBN 0-7748-0553-6
  • David Morrison, Georges-Hébert Germain: Eskimo – Geschichte, Kultur und Leben in der Arktis. Frederking & Thaler, München 1996. ISBN 3-89405-360-7
  • Maria Tippett, Charles Gimpel: Between Two Cultures – A Photographer Among the Inuit. Viking, Toronto 1994. ISBN 0-670-85243-0
  • Ansgar Walk: Im Land der Inuit – Arktisches Tagebuch. Pendragon, Bielefeld 2002. ISBN 3-934872-21-2
  • Ansgar Walk: Kenojuak – Lebensgeschichte einer bedeutenden Inuit-Künstlerin. Pendragon, Bielefeld 2003! ISBN 3-934872-51-4
  • Sturtevant, William C. (1978). Handbook of North American Indians. Washington : Smithsonian Institution : 1978-2001. ISBN 0-16-004580-0.