Katalansk i Eurovision Song Contest

Katalansk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over bruken av det katalanske språket i Eurovision Song Contest. Den fyrste gongen ein song på katalansk vart framført i Eurovision Song Contest var i 2004 då Andorra debuterte med «Jugarem a estimar-nos» av Marta Roure. Sidan den gong har Andorra delteke med til saman seks ulike bidrag som har vorte framført på katalansk. Av landa som kan delteke er katalansk offisielt språk i Andorra, Catalonia og Balearane i Spania og Alghero i Italia.

Bidrag

endre
# År Land Artist Song Andre språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
01 2004   Andorra Marta Roure «Jugarem a estimar-nos» X X 012 18
02 2005   Andorra Marian van de Wal «La mirada interior» X X 027 23
03 2006   Andorra Jenny «Sense tu» X X 008 23
04 2007   Andorra Anonymous «Salvem el món» Engelsk X X 080 12
05 2008   Andorra Gisela «Casanova» Engelsk X X 022 16
06 2009   Andorra Susanne Georgi «La teva decisió (Get a Life)» Engelsk X X 008 15

I 1968 vart Joan Manuel Serrat vald ut til å framføre «La, la, la» for Spania. Han ville framføre songen på katalansk, men spanske styresmaktar og den spanske diktatoren Francisco Franco likte ikkje idéen. Serrat nekta å framføre songen på spansk og vart dimed bytta ut med Massiel. Massiel vann Eurovision Song Contest 1968 med den spanskspråklege versjonen av «La, la, la».

Kjelder

endre
  • Informasjon om dei ulike bidraga er henta frå Engelsk Wikipedia.