Massiel

spansk skodespelar

María de lós Ángeles Santamaría Espinosa (fødd 2. august 1947), kjend som songaren Massiel, er ein spansk popsongar. Massiel vann Eurovision Song Contest 1968 med songen «La, la, la» og slo den britiske popsangeren Cliff Richard og songen hans «Congratulations» med eitt poeng.

Massiel

Fødd2. august 1947 (76 år)
FødestadMadrid
AliasMassiel
OpphavSpania
Aktiv1966–2007
Sjangerpop
Instrumentvokal
Stemmetypealt
Verka somskodespelar, songar-låtskrivar
Gift medPablo Lizcano
Sambuar medCarlos Zayas Mariategui

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

María de los Ángeles Santamaría Espinosa vart fødd i Madrid. Ho hadde kontakt med songarar og grupper frå tidleg av fordi faren hennar, Emilio Santamaria, arbeidde som manager. I ung alder bestemte ho seg for å verte songar, skodespelar og låtskrivar.

Kunstnerisk karriere endre

Dei fyrste songane til Massiel, «Di que no», «No sé porqué», «Llueve», «No comprendo», «Y sabes qué vi», «Rufo el pescador», «Aleluya» og «El era mi amigo» vart utgjevne i 1966. Songen «Rosas en el mar», skriven av venen hennar Luis Eduardo Aute i 1967, gjorde henne til ein etablert songar i Spania og Latin-Amerika. I 1967 deltok Massiel òg i filmen Vestida de novia.

29. mars 1968 vart Massiel spurd om å erstatte låtskrivaren Joan Manuel Serrat som den spanske deltakaren i Eurovision Song Contest. Serrat nekta å delta med mindre han fekk syngje på katalansk i staden for spansk. Ni dagar før tevlinga var Massiel på turné i Mexico, men ho returnerte til Spania, lærte songen og spelte han inn på fem ulike språk for dei ulike juryane. Songen hennar, «La, la, la», var skriven av Ramón Arcusa og Manuel de la Calva. Under finalen i London 6. april fekk ho eitt poeng meir enn favoritten Cliff Richard og vann Eurovision Song Contest. I 2008 hevda ein dokumentar at det spanske TV-selskapet TVE hadde muta europeiske dommarar etter ordre frå Francisco Franco.[1]

Massiel bestemte seg å slutte som musikar i 1996, men gav ut eit album eitt år seinare og endå eit i 2007, saman med nye versjonar av gamle album frå 1970-åra.

Massiel spelte inn ein hiphop-versjon av vinnarsongen «La, la, la» i 1997. Året etter hadde ho hovudrolla i filmen Cantando a la Vida, som handla om ein profilert vinnar av ein europeisk songfestival som brått forsvinn.

I 2001 fall Massiel ut av vindauget frå leiegheita si i andre etasje då ho «prøvde å lukka vindaugslemmen» og låg på sjukehus ei tid.[treng kjelde] I 2005 song ho «La, la, la» på «Congratulations»-konserten i høve femtiårsjubileet til Eurovision Song Contest.

I 2007 var Massiel medlem av «Mission Eurovision»-juryen som skulle plukke ut det spanske bidraget til Eurovision Song Contest det året. I høve dette programmet song ho òg «Busco un hombre», ein av songane som skulle delta i uttakinga (men som då skulle syngast av ein annan artist).

Referansar endre