Eurovision Song Contest 2005

Eurovision Song Contest 2005 vart helde i Kiev i Ukraina 21. mai 2005. Dette var den 50. gongen det vart arrangert Eurovision Song Contest. Finalen dette året vart vunnen av den svenskfødde grekaren Helena Paparizou med songen «My Number One». Det innebar at Eurovision Song Contest 2006 skulle haldast i Hellas. Noreg vart representert med Wig Wam som framførte songen «In My Dreams».

Landa som deltok i Eurovision Song Contest 2005

Bidraga endre

Semifinalen endre

I semifinalen deltok 25 land: Dei ti dårlegaste plasserte landa frå finalen i 2004 og dei tolv landa som ikkje kvalifiserte seg frå semifinalen i 2004. I tillegg deltok debutantlanda Bulgaria og Moldova samt Ungarn som kom tilbake etter sju års fråvær.[1]

Nr. Land Artist Song Omsetjing Språk Plass Poeng
01   Austerrike Global.Kryner «Y así» Og så Engelsk, spansk 21 30
02   Litauen Laura og The Lovers «Little by Little» Litt etter litt Engelsk 25 17
03   Portugal 2B «Amar» Å elske Portugisisk, engelsk 17 51
04   Moldova Zdob şi Zdub «Boonika Bate Doba» Bestemor slår på tromma Engelsk, rumensk 2 207
05   Latvia Valters og Kaža «The War Is Not Over» Krigen er ikkje over Engelsk 10 85
06   Monaco Lise Darly «Tout de moi» Heile meg Fransk 24 22
07   Israel Shiri Maimon «Hasheket shenish'ar» Togna som varar Hebraisk, engelsk 7 158
08   Kviterussland Andzjalika Ahurbasj «Love Me Tonight» Elsk meg i kveld Engelsk 13 67
09   Nederland Glennis Grace «My Impossible Dream» Min umoglege draum Engelsk 14 53
10   Island Selma «If I Had Your Love» Om jeg hadde kjærleiken din Engelsk 16 52
11   Belgia Nuno Resende «Le grand soir» Den store kvelden Fransk 22 29
12   Estland Suntribe «Let's Get Loud» La oss bli høgrøysta Engelsk 20 31
13   Noreg Wig Wam «In My Dreams» I mine draumar Engelsk 6 164
14   Romania Luminiţa Anghel og Sistem «Let Me Try» La meg forsøke Engelsk 1 235
15   Ungarn NOX «Forogj, világ!» Spinn, verden! Ungarsk 5 167
16   Finland Geir Rønning «Why?» Kvifor? Engelsk 18 50
17   Makedonia Martin Vučić «Make My Day» Gjer dagen min Engelsk 9 97
18   Andorra Marian van de Wal «La mirada interior» Det indre blikk Katalansk 23 27
19   Sveits Vanilla Ninja «Cool Vibes» Kjølege vibbar Engelsk 8 114
20   Kroatia Boris Novković med Lado «Vukovi umiru sami» Ulvar døyr åleine Kroatisk 4 169
21   Bulgaria Kaffe «Lorraine» Engelsk 19 49
22   Irland Donna og Joe «Love?» Kjærleik? Engelsk 14 53
23   Slovenia Omar Naber «Stop» Stopp Slovensk 12 69
24   Danmark Jakob Sveistrup «Talking to You» Snakkar til deg Engelsk 3 185
25   Polen Ivan og Delfin «Czarna dziewczyna» Svarthåra jente Polsk, russisk 11 81

Finalen endre

I finalen deltok 24 land: «deI fire store» (Frankrike, Storbritannia, Spania og Tyskland), dei ti beste landa frå semifinalen og dei ti beste landene frå finalen i 2004.[2]

Nr. Land Artist Song Omsetjing Språk Poeng Plass
01   Ungarn NOX «Forogj, világ!» Spinn, verden! Ungarsk 97 12
02   Storbritannia Javine Hylton «Touch My Fire» Ta på elden min Engelsk 18 22
03   Malta Chiara «Angel» Engel Engelsk 192 2
04   Romania Luminiţa Anghel og Sistem «Let Me Try» La meg forsøke Engelsk 158 3
05   Noreg Wig Wam «In My Dreams» I mine drømmer Engelsk 125 9
06   Tyrkia Gülseren «Rimi Rimi Ley» Tyrkisk 92 13
07   Moldova Zdob şi Zdub «Boonika Bate Doba» Bestemor slår på tromma Engelsk, rumensk 148 6
08   Albania Ledina Çelo «Tomorrow I Go» I morgon går eg Engelsk 53 16
09   Kypros Konstantínos Khristofórou «Ela Ela (Come Baby)»  Ela Ela (Kom, kjære) Engelsk 46 18
10   Spania Son de Sol «Brujería» Heksekunst Spansk 28 21
11   Israel Shiri Maimon «Hasheket shenish'ar» Togna som varar Hebraisk, engelsk 154 4
12   Serbia og Montenegro No Name «Zauvijek moja» For alltid min Montenegrinsk 137 7
13   Danmark Jakob Sveistrup «Talking to You» Snakkar til deg Engelsk 125 9
14   Sverige Martin Stenmarck «Las Vegas» Engelsk 30 19
15   Makedonia Martin Vučić «Make My Day» Gjer dagen min Engelsk 52 17
16   Ukraina GreenJolly «Razom nas bahato» Saman er vi mange Ukrainsk, engelsk 30 19
17   Tyskland Gracia «Run & Hide» Løp og gøym deg Engelsk 4 24
18   Kroatia Boris Novković med Lado «Vukovi umiru sami» Ulvar døyr åleine Kroatisk 115 11
19   Hellas Elena Paparizou «My Number One» Min nummer éin Engelsk 230 1
20   Russland Natallja Padolskaja «Nobody Hurt No One» Ingen skadar nokon Engelsk 57 15
21   Bosnia-Hercegovina Feminnem «Call Me» Ring meg Engelsk 79 14
22   Sveits Vanilla Ninja «Cool Vibes» Kjølege vibbar Engelsk 128 8
23   Latvia Valters og Kaža «The War Is Not Over» Krigen er ikkje over Engelsk 153 5
24   Frankrike Ortal «Chacun pense à soi» Alle tenkar på seg sjølv Fransk 11 23

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Eurovision Song Contest 2005 – Semi Final». eurovision.tv. 2017. Arkivert frå originalen 5. september 2017. Henta 3. september 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 2005 – Grand Final». eurovision.tv. Henta 3. september 2017.