Katarina av Vadstena

Katarina av Vadstena (fødd Katarina Ulfsdotter 1331, 24. mars 1381) var ei svensk birgittinarnonne og seinare helgen. Ho var dotter av heilage Birgitta og riddaren og lovseiemannen Ulf Gudmarsson.

Katarina av Vadstena

Fødd1331
FødestadSverige, Motala, Vadstena
Daud24. mars 1381
DødsstadVadstena
Yrkefilosof, nonne
Helgendag24. mars

I ung alder blei Katarina gift med den fornemme Egard Lydersson van Kyren. Inspirert av jomfrudomsidealet i samtida overtalte ho ektefellen sin til å respektera jomfrudommen hennar, noko han også gjorde.

I 1349 la Birgitte ut på den etterlengta pilegrimsferda si til Roma, og Katarina følgde etter året etter. Kort tid etter kom bodet om at maken Egard var død. Birgitte og Katarina levde eit klosterliknande liv i fattigdom og felles bøn i Roma. Etter at Birgitte var død i 1373 førte Katarina støvet til mor si i triumf tilbake til Sverige. I 1375 vende Katarina tilbake til Roma for å få birgittinarordenen regel stadfesta og til å verka for å få mor si heilagkåra.

Som mor si skal Katarina ha fått himmelske openberringar. Den siste tida i Vadstena var Katarina svært sjuk. Ifølgje minneboka ved Vadstena kloster døydde ho den 24. mars 1381. Tre biskopar forretta i gravferda hennar, og det blei sett mange overnaturlege teikn ved grava hennar. I 1484 godkjende pave Innocens VIII Katarina-kulten for Sverige. Den høgtidelege skrinlegginga, som svarte til dagens saligerklæring, fann stad i Vadstena den 1. august 1489. Heilage Katarina blir feira den 24. mars i den katolske kyrkja, og den 2. august i Sverige.

Kjelder

endre