Kateřina Neumannová

Kateřina Neumannová (fødd 5. februar 1973) er ein tsjekkisk tidlegare idrettsutøvar frå Písek som vann VM-gull i 10 km langrenn i 2005 og 2007, samt OL-gull i 30 km langrenn under Vinter-OL 2006. I perioden 1998-2007 vann ho seks medaljar i olympiske vinterleikar og fem medaljar i verdsmeisterskap på ski.

Kateřina Neumannová
Katerina Neumannova.jpg
Fødd 15. februar 1973
Písek
Yrke langrennsløpar, sykkelryttar
Kateřina Neumannová på Commons

TerrengsyklingEndra

Neumannová var aktiv terrengsyklist til 1996, då ho deltok i Sommar-OL 1996 i Atlanta. Ho tok bronsemedalja i europameisterskapen i terrengsykling 1995.

LangrennEndra

Neumannová tok bronsen på 15 km under Ski-VM 1997 i Trondheim, deretter vann ho sølvmedalja i klassisk stil og bronsemedalja på jaktstarten under Vinter-OL 1998 i Nagano, før ho sikra seg ei bronsemedalje på 5 km i klassisk stil då Ski-VM 1999 fann stad i Ramsau. I vinterleikane 2002 i Salt Lake City vann ho to sølvmedaljar, fyrst i 15 km fristil og så på jaktstarten.

Etter å ha vorte mor i 2003 kom Neumannová tilbake i løypa og vann si fyrste gullmedalje då ho gjekk til topps i 10 km fristil under Ski-VM 2005 i Oberstdorf. Under dei olympiske leikane 2006 fekk ho sølvmedalja i 15 km med skibyte, før ho vart olympisk meister på den avsluttande tremila.

Neumannová vann til saman 18 renn i verdscupen i langrenn, og enda på andreplass i verdscupen både i 2002- og 2005-sesongen; i 2002 bak Bente Skari og i 2005 bak Marit Bjørgen.

Neumannová vart kåra til årets kvinnelege idrettsutøvar i Tsjekkia for 2006. Ho la opp etter 2007-sesongen.

KjelderEndra