Katerine Duska (fødd 6. november 1989 i Montreal i Canada) er ein gresk-kanadisk songar og låtskrivar. Duska representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2019 med låten «Better Love».[1]

Katerine Duska

Fødd6. november 1989 (34 år)
FødestadMontreal
Fødenamngresk Κατερίνα Ντούσκα
OpphavHellas
Aktiv2014–
Sjangerindiepop, soul
Instrumentvokal
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapMinos EMI
Verka somsongar, låtskrivar, musikkprodusent

Biografi endre

Duska er fødd og oppvaksen i Montréal i Canada, men bur no i Athen i Hellas.[2]

Duska fekk sitt musikalske gjennombrot med singelen «One in a Million» og ein coverversjon av «Do I Wanna Know» av Arctic Monkeys i 2014 . Årsskiftet 2015–2016 slapp ho debutalbumet, Embodiment.[3] Sidan då har ho samarbeidd og opptredd med artistar som LP, Albin Lee Meldau, Tom Baxter, Yasmine Hamdan, Oddisee og Kadebostany. Ho har òg opptredd på scenar, konserthus og festivalar over heile Europa, blant dei: The O2 Academy, Rockwave Festival, SNFCC, Megaron Concert Hall og Sofarsounds/Amnesty International sin internasjonale festival Give a Home.[4]

I 2018 opptredde Duska under ein konsert i Konsertsalen i Athen, der ho framførte songar frå albumet sitt – songar komponerte av den svenske låtskriveran Albin Lee Meldau.[3] I september 2018 heldt dei to ein konsert saman i Palace Garden i Athen.[5] I desember 2018 heldt ho konsert saman med den greske musikaren Petros Klampanis.[6]

I februar 2019 vedtok den greske kringkastaren ERT at Duska skulle representere Hellas i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen «Better Love» vart offentleggjord 6. mars 2019.[1] Duska enda på 21. plass i finalen med 74 poeng.[7]

Diskografi endre

Studioalbum endre

Tittel Albumdetaljar Høgaste

plassering

HEL
[8]
Embodiment
  • Utgjeve: 4. desember 2015
  • Merke: Minos EMI
  • Format: CD, digital nedlastning

Singlar endre

Tittel År Høgaste

plassering

Album
HEL
[8]
HEL Digital
[9]
«One in a Million» 2014 Embodiment
«Won't Leave» 2015 Embodiment
«Fire Away» 2018 Embodiment
«Better Love» 2019 18 4 ikkje kjend

Referansar endre