Katharina Andresen

Katharina Gamlemshaug Andresen (fødd 21. mai 1995) er ein norsk arving som i mars 2016 vart verdas nest yngste dollamilliardær (1,15 milliardar US-dollar) som rapportert av Forbes.[1][2]

Katharina Andresen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1995 (29 år)
Oslo
Yrke forretningsdrivande
Formue 1 230 000 000 US-dollar
Far Johan H. Andresen jr.

Ho er dotter av Johan H. Andresen jr., eigaren av Ferd AS, som i 2007 overførte 42,2 % eigarskap kvar til Katharina og systera Alexandra.[3][4][5] Ho er oldebarn av Johan H. Andresen, tipp-tipp-oldebarn av Johan Henrik Andresen og Anton Klaveness, og tipp-tipp-oldebarn av Nicolai Andresen. Johan Henrik var bror av Nicolay August Andresen, og onkel til Nils August Andresen Butenschøn.

I 2018 blei ho praktikant i Innovasjon Norge.[6][7]

Privatliv

endre

I 2017 vart Andresen registrert med 0,6 promille alkohol i blodet under ein rutinekontroll ved Hafjell. Klagaren meinte i retten at bota måtte vere på minst ein million kroner fordi ho hadde formue på 7,7 milliarder kroner. Domen lydde likevel på 250 000 kroner i bot og fengsel i 18 dagar pluss inndraging av førarkortet i 18 månader.[8]

Referansar

endre
  1. Katharina G. Andresen, Fédération Équestre Internationale, henta 8. februar 2017 
  2. Her er de 100 rikeste i Norge under 30 år, NRK, henta 8. februar 2017 
  3. Heather Saul. «Alexandra Andresen: 19-year-old teenager and the world's youngest billionaire | People | News». The Independent. Henta 3. mars 2016. 
  4. «Alexandra Andresen». Forbes. 1. januar 1970. Henta 3. mars 2016. 
  5. Alexander, Harriet (22. desember 2015). «Meet the world's youngest billionaire from Norway who loves dressage». Telegraph. Henta 3. mars 2016. 
  6. Ighoubah, Farid. «Katharina Andresen etter Innovasjon Norge-bråket: - Jeg følte meg tråkket på». Nettavisen (på norsk). 
  7. Brakstad, Tommy H.S. «Katharina G. Andresen får 180 kroner i timen i Innovasjon Norge». Nettavisen (på norsk). 
  8. «Norges rikaste kvinna tagen för rattfylla» (på svensk). 

Bakgrunnsstoff

endre