Opole
Opole (tysk Oppeln) er ein by sør i Polen ved elva Oder. Han har om lag 130 000 innbyggjarar og er hovudstad i Opole-voivodskapet. Han er den historiske hovudstaden i Øvre Schlesien. I dag bur mange etterkommarar etter tyskarar og polakkar frå området i Opole.
Opole | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Opole-voivodskapet | ||
Høgd | 176 m | ||
Areal | 96,2 km² | ||
Folketal | 127 387 (31. mars 2021)[1] | ||
Byrettar | 1217 | ||
Postnummer | 45-001 til 45-910 | ||
Retningsnummer | +48 077 | ||
Bilnummer | OP | ||
![]() Opole 50°40′20″N 17°55′31″E / 50.672222222222°N 17.925277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Opole |
Historie
endreFør 400-talet vandra germanarar (silingarar) og kanskje burgundarar til området rundt Opole. Etter at dei germanske gruppene reiste frå området for å invadere Romarriket flytta vestslavarar til området.
Opole har utvikla seg sidan 900-talet som regionshovudstaden til slaviske opolanarar. Den første busetnaden deira var på øya Wyspa Pasieka midt i Odra. Mot slutten av hundreåret vart Schlesien ein del av Polen og underlagd Piast-dynastiet. Det heidenske området til opolanarane vart erobra av hertug Bolesław I i 1012/1013. Etter hertug Władysław II den landflyktige vart Schlesien i 1163 delt av dei to Piast-linjene Wrocławska i Nederschlesien og Opolsko-Raciborska i Øverschlesien. Opole vart eit hertugdøme i 1172 og hadde mykje til felles med Hertugdømet Racibórz, som det ofte var slått saman med. I 1281 vart Øverschlsien vidare delt mellom arvingane til hertugane og Hertugdømet Opole vart mellombels gjenoppretta i 1290.
Tyske handelsmenn hadde oppretta ein koloni i Ople ved kryssingstaden over Oder, men i 1217 byrja òg tyske bønder å flytte til området. Opole fekk tyske byrettar i 1254, og i 1419 Magdeburgrettar. I lag med det meste av Schlesien i 1327 ein del av Kongedømet Böhmen, som igjen var ein del av Det tysk-romerske riket. I 1521 gjekk hertugdømet Racibórz (Ratibor) i arv til hertugen av Opole, som då hadde fått namnet Oppeln på tysk. Då Kong Ludvig II av Böhmen døydde i slaget ved Mohács vart Schlesien arva av Ferdinand I og Oppeln hamna under Habsburgmonarkiet i Austerrike. Habsburgarane tok kontroll over regionen i 1532 etter at den lokale Piast-linja døydde ut. Frå 1532 pantsette Habsburgarane hertugdømet til forskjellige herskarar. Då kong Johan II Kasimir av Polen døydde som den siste hertugen av Opole i 1668, vart regionen direkte underlagt Habsburgarane.
Kong Fredrik II av Preussen erobra det meste av Schlesien frå Austerrike i 1740 under dei schlesiske krigane. Dei prøyssiske erobringane vart stadfesta med freden i Breslau i 1742. Frå 1816 til 1945 var Opole hovudstad i Regierungsbezirk Oppeln i Preussen. Byen vart ein del av Det tyske keisardømet under samlinga av Tyskland i 1871.
Etter at Tyskland tapte i den første verdskrigen vart det halde ei folkeavstemming i 20. mars 1921 i Oppeln for å avgjere om byen skulle inn i Weimarrepublikken eller inn i Den andre polske republikken. 94,7 % stemde for Tyskland og 5,0% for Polen. På denne tida var derimot nesten samtlege innbyggjarar i byen etniske tyskarar.
Oppelen vart det administrative setet i provinsen Øvre Schlesien frå 1919 til 1939. På byrjinga av den andre verdskrigen i 1939 vart austlege Øvre Schlesien lagt til provinsen og Oppelen mista statusen som provinshovudstad til Katowice (då kalla Kattowitz).
Etter krigen var over i 1945 vart Oppelen overført til Polen som følgje av Potsdamerkonferansen og gjeve det gamle slaviske namnet Opole. I motsetnad til dei fleste tidlegare austtyske områda som vart avstått til Polen etter krigen, vart ikkje tyskarane i byen kasta ut, sjølv om mange av dei etniske tyskarane med rett til tysk statsborgarskap flytta til Vest-Tyskland for å flykte frå den kommunistiske Austblokka. I dag er Oppole og den omliggande regionen kjend som senteret for den tysktalande schlesiske minoriteten i Polen.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://bdl.stat.gov.pl/api/v1/data/localities/by-unit/031613261011-0965016?var-id=1639616&format=jsonapi; vitjingsdato: 5. oktober 2022; filformat: JSON.
- Denne artikkelen bygger på «Opole» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2008.