Katrina Leskanich
Katrina Elizabeth Leskanich (fødd 10. april 1960) er ein amerikansk songar og skribent. Ho er mest kjend som frontperson i bandet Katrina and the Waves som fekk ein internasjonal hit med «Walking on Sunshine» i 1985, og som vann Eurovision Song Contest 1997 med «Love Shine a Light».
Katrina Leskanich | |||
| |||
Fødd | 10. april 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Topeka | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1981– | ||
Sjanger | rock, new wave | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Capitol Records | ||
Verka som | songar, musikar, skribent |
Bakgrunn
endreKatrina Leskanich er dotter av ein USAF-oberst. Ho vart fødd i Topeka i Kansas, men ho og dei fem syskena hennar flytta mykje som barn på grunn av jobben til faren.[1] I 1972 flytta familien til Europa, der faren skulle tenestegjere. Etter fire år i Tyskland og Nederland flytta familien til London i 1976, der Katrina Leskanich framleis er busett.[1]
I 1977 danna Leskanich pop-coverbandet Mama's Cookin'.[1] Der song ho og spela keyboard, mens den dåverande kjærasten hennar Vince de la Cruz song og spela gitar, og Marcos de la Cruz spela trommer. I slutten av 1980 slutta også Alex Cooper og Bob Jakins seg til bandet, og gruppa turnerte over heile England. I 1981 slutta låtskrivaren Kimberley Rew seg til Mama's Cookin', og femmannsgruppa vart døypa om til The Waves. Namnet var henta frå bandet Rew og Cooper hadde drive i midten av 1970-åra. I byrjinga var Kimberley Rew frontfigur i gruppa, men trekte seg etterkvart tilbake for å konsentrere seg om låtskrivinga. I staden tok Leskanich over som hovudvokalist. Den fyrste singelen til gruppa kom i 1982 og bandet skifta namn til Katrina and the Waves.[2][3]
I 1985 fekk Katrina and the Waves sin store hit med «Walking on Sunshine». Bandet vart Grammy-nominert til beste nye artist og turnerte verda over. Etter kvart dabba suksessen av, og utover 1990-åra slutta bandet å spele regelmessig. I 1997 vann dei den britiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1997 med songen «Love Shine a Light». Songen vann den internasjonale finalen med rekordhøge 227 poeng og vart ein stor hit i Europa.
Frå 1998 var Leskanich programleiar for eit kveldsprogram på BBC Radio 2 i fire år og hadde seinare hovudrolla i musikalen Leader of the Pack av Ellie Greenwich.[4]
I 2005 skipa Leskanich eit nytt band, som deltok i svenske Melodifestivalen same år. Bandet skulle heite Katrina and the New Wave, men etter usemje frå tidlegare bandkollegaar, skifta det nye bandet namn til Katrina and the Nameless. Bandet deltok med songen «As If Tomorrow Will Never Come», skriven av Thomas G:son. Bandet vart slege ut i kvalifiseringsrunden før finalen.
Saman med latviske Renārs Kaupers, frå bandet Brainstorm, var Leskanich programleiar for jubileumssendinga Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i 2005, direkte frå København.[5]
I 2006 gav Leskanich ut soloalbumet Katrina Leskanich, og i 2012 spela ho fleire konsertar med sitt nye band. Konsertane vart haldne i Skandinavia, Belgia, Spania og Tyskland. Ho har jamleg vore gjest og deltakar i festivalar, tv-program og show, seinast i Eurovision: Europe Shine a Light i 2020.[6]
Diskografi
endreSoloartist
endreStudioalbum
endre- 2004: Turn the Tide
- 2006: Katrina Leskanich
- 2010: The Live Album
- 2010: Turn the Tide
- 2011: Spiritualize
- 2014: Blisland
- 2017: The Very Best of Katrina
Singlar
endre- 2006: «They Don't Know»
- 2008: «They Don't Know Club Mixes» (Katrina og Sleazesisters)
- 2013: «Sun Coming Upper»
- 2018: «I Can't Give You Anything but Love»
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Interview with Katrina Leskanich». www.theamerican.co.uk. Henta 24. mai 2020.
- ↑ «Katrina & the Waves | Biography & History». AllMusic (på engelsk). Henta 24. mai 2020.
- ↑ Robin Schwartz (Juli 1985). How a postman, dishwasher, mortician, and a bowling-ball-hole-driller became Katrina and the Waves. Spin. s. 12. Henta 22. august 2010.
- ↑ «Get the lowdown on Katrina and The Waves singer Katrina Leskanich». The Sun (på engelsk). 13. november 2017. Henta 24. mai 2020.
- ↑ Tragaki, Dafni (11. juli 2013). Empire of Song: Europe and Nation in the Eurovision Song Contest (på engelsk). Scarecrow Press. ISBN 978-0-8108-8817-3.
- ↑ «What to expect for Eurovision: Europe Shine A Light». eurovision.tv. 15. mai 2020. Henta 24. mai 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Katrina Leskanich» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettside
- Katrina Leskanich hos Internet Movie Database.
- Katrina Leskanich hos Discogs.
- Katrina Leskanich hos MusicBrainz.
- Katrina Leskanich hos Songkick
- Katrina Leskanich hos Last.fm