Kaukab Abu al-Hija

Kaukab Abu al-Hija (arabisk كوكب أبو الهيجا, hebraisk כַּוּכַּבּ אַבּוּ אל-הִיגַ'א), ofte berre Kaukab, (som tyder «stjerne»),[1] er ein arabisk muslimsk landsby og lokal kommune i Nord distrikt i Israel i Nedre Galilea. Han ligg langs Hovudveg 784, mellom Shefa-'Amr og Karmiel, og nær Kafr Manda. Kaukab var tidlegare kontrollert av familien Abu al-Hija i Galilea.[2]

Kaukab Abu al-Hija
כַּוּכַּבּ/כַּוַכַּב/כאוכב אַבּוּ אל-הִיגַ'א, كوكب أبو الهيجا, Kaokab Abu Al-Hija, Kawkab Abu al-Heija
lokal kommune
Namneopphav: Abu al-Hija-stjerna
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°49′52.83″N 35°14′55.33″E / 32.8313417°N 35.2487028°E / 32.8313417; 35.2487028
Areal 2,57 km²
Folketal 2 800  (2006)
Folketettleik 1 089 / km²
Bystatus 1984
Borgarmeister Zaher Saleh
Kart
Kaukab Abu al-Hija
32°49′53″N 35°14′56″E / 32.831388888889°N 35.248888888889°E / 32.831388888889; 35.248888888889
Kart som viser Kaukab Abu al-Hija.
Kart som viser Kaukab Abu al-Hija.
Kart som viser Kaukab Abu al-Hija.
Wikimedia Commons: Kaukab Abu al-Hija

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Kaukab eit folketal på 2 800 i 2005,[3].

Historie

endre

Det er mogeleg å sjå spor av ruinar frå bysantinske, romerske og greske busetnad i Kaukab, og det kan vere staden som heitte Kokhva, nemnt i Talmud,[4] men mange stader i nærleiken har det same namnet og ein kan ikkje vite sikkert kven som var Kokhva.[5]

Kaukab vart grunnlagd like ved grava til Husam ad-Din Abu al-Hija, ein av løytnantane til Saladin, og er heilag for lokale muslimar. Han er derfor kalla Kaukab Abu al-Hija for å skilje han frå fleire andre arabisk landsbyar med same namnet.[6][4]

I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i osmanske skattelister med namnet «Kawkab Bani Krad» og låg i Akka nahiya (underdistrikt) i Safad liwa med eit folketal på 41 hushaldningar og 8 ungkarar, alle muslimar. Han betalte skattar av ei rekkje avlingar, inkludert kveite og bygg, sommaravlingar, frukttre, i tillegg til geiter og/eller bikubar.[7]

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Kaukab, og skildra han som ein liten landsby med kring 250 innbyggjarar, på eit fjell i ei høgd på 425 meter over havet. Han noterte òg ein waly (heilag mann) tileigna sjeik Ali.[5]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kaukab eit folketal på 222, alle muslimar,[8] som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 285, framleis berre muslimar, i totalt 57 hus.[9]

I 1938, under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939, vart landsbyen øydelagd og treskegolv brend av britiske soldatar under ein hemnaksjon.[10] I 1945 var folketalet 490, alle arabarar, med 18 674 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 332 dekar for plantasjar og irrigert land, 1 657 for korn,[12] medan 10 dekar vart utbygd land.[13]

Under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948, overgav landsbyen seg til den framrykkande israelske hæren. Mange av landsbybuarane flykta nordover, men somme vart verande att og vart ikkje drivne bort av dei israelske soldatane.[14] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

I 1973 hadde folketalet vokse til 1 340. Kaukab fekk status som lokal kommune i 1984.[2]

Heilagdomen Abu al-Hija

endre
 
Heilagdomen Abu al-Hija

Nord for landsbyen ligg heilagdomen og grava til Abu al-Hija (òg skrive Abu al-Hayja), eit bygg med to kuplar med ein plass i midten. På den firkanta plassen er det to gravminnesmerke, eit på kvar side av døra inn til heilagdomen. Gravminne vest for døra høyrer til Ali Badawi Abu al-Hija, som døydde i 1183 H (1769), det aust for døra har inskripsjon datert til 1181 H (1767-1768). Inngangen til heilagdomen er gjennom den austlege kuppelen. Dette er eit bønekammer, og har ein mihrab (bønenisje) i sørveggen. Det neste kammeret har to gravminnesmerke, det eine høyrer til grunnleggjaren av al-Hija-landsbyane i Galilea.[15][16] Gravplassen i landsbyen ligg kring grava. Det er to andre store graver i landsbyen, dei til sjeikane Hassan og Sayeed.

Fredsskulpturar

endre

Etter at Oslo-avtalen vart signert i 193, vart ideen om ein skulpturhage i Kaukab sett i gang av den lokale kommunen, i lag med Beit Hagefen, det arabisk-jødiske senteret i Haifa. Hagen var tileigna fred og sameksistens. Skulpturhagen strekkjer seg over to åstoppar med andre stykke spreidd kring landsbyen og inngangen. Skulpturane vart gjevne bort av israelsk-arabiske og jødiske kunstnarar, og palestinske kunstnarar.[17]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Palmer, 1881, s.110
  2. 2,0 2,1 Kaokab Abu Al-Hija (Israel) Gutterman, Dov. Flags of the World.
  3. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 31. desember 2007. Henta 12. januar 2015. 
  4. 4,0 4,1 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 476. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  5. 5,0 5,1 Guérin, 1880, s. 488
  6. Vilnai, Ze'ev (1976). «Kaukab». Ariel Encyclopedia. Volume 4. Israel: Am Oved. s. 3524.  (he)
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 194
  8. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestina. Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38. 
  9. Mills, 1932, s. 74
  10. Jacob Norris (2008). «Repression and Rebellion: Britain's response to arabarane Revolt in Palestina of 1936-39». The Journal of Imperial and Commonwealth Historie 36: 25–45. doi:10.1080/03086530801889350. 
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 62[daud lenkje]
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 109[daud lenkje]
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159[daud lenkje]
  14. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.226
  15. Petersen, 2001, s. 196-197
  16. Slyomovics, 1998, s. 130 -131.
  17. http://mfa.gov.il/MFA/MFA-Archive/1999/Pages/Sculptures%20for%20Peace%20at%20Kaukab%20Abu%20El-Hija.aspx

Bakgrunnsstoff

endre