Karmiel
Karmiel (hebraisk כַּרְמִיאֵל) er ein by i nordlege Israel. Han vart grunnlagd i 1964 som ein utviklingsby og ligg i Beit HaKerem-dalen, som deler det øvre og nedre Galilea. Byen ligg sør for Akko-Safed-vegen, 32 km frå Safed, 20 km frå Ma'alot-Tarshiha og 20 km frå Akko. I 2012 hadde Karmiel 44 868 innbyggjarar.[1]
Karmiel | |||
כַּרְמִיאֵל, Karmi'el | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: Guds vindruer | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°54′49.38″N 35°17′45.92″E / 32.9137167°N 35.2960889°E | ||
Areal | 19,188 km² | ||
Folketal | 44 868 (2012)[1] | ||
Folketettleik | 2 338 / km² | ||
Grunnlagd | 1964 | ||
• Bystatus | 1986 | ||
Borgarmeister | Adi Eldar | ||
Karmiel 32°54′00″N 35°17′00″E / 32.9°N 35.283333333333°E | |||
Kart som viser Karmiel.
| |||
Wikimedia Commons: Karmiel |
Historie
endreI 1956 vart kring 5,1 kvadratkilometer land kjøpt i dei israelsk-arabiske landsbyane Deir al-Asad, Bi'ina og Nahf, som fekk status som «stengde område» av israelske styresmakter. Dette området, nær hovudvegen mellom Akko og Safed, hadde vore eit viktig marmorbrot. I 1961 ekspropriert israelske styresmakter landområde for å byggje Karmiel. Innbyggjarane fekk tilbod om «tilsvarande god jord» i området ,men då Moshe Sneh (Maki) og Yusef Khamis (Mapam) førte saka for Knesset på vegner av landsbybuarane, stadfesta Knesset at slik jord ikkje fanst.[2] I følgje Haredi-avisa She'arim, vart kring 10 kvadratkilometer (394 teigar) konfiskert etter ein rettsordre den 4. mars 1963, etter krav frå Israelsk utviklingstilsyn.[treng kjelde] Landområdet vart steinete, folketomt og kunne ikkje nyttast til jordbruk.[3] I 1964, då lokale arabarar søkte om løyve til å flytte inn i byen, svarte bustadministeren Yosef Almogi at «Karmiel vart ikkje bygd for å løyse problema til folket i det kringliggande området.»[4] I februar 1965 marsjerte 400 demonstrantar frå Tel Aviv for å protestere mot «diskriminering av ei gruppe av våre borgarar». REpresentantar møtte opp ved den lokale politistasjonen og informerte politiet om at dei heldt seg i området utan løyve. Leiarane for gruppa vart arresterte og stilt for ein militær domstol.[5]
Karmiel var ein av dei første byane i Israel som vart grunnlagd etter ein større byplan. Han vart bygd som ein del av Sentral-Galilea utvilingsprosjekt. Arbeidet byrja i 1963 og den offisielle opningssermonien fann stad i 1964.[6] Dei første 16 familiane flytta inn på den tida. Eit anbod for bygging av hovudvegane i Karmiel kom i 1963, og Mekorot bygd eit vassrøyrnettverk som knytte saman Karmiel, Rameh, Sha'ab og andre nærliggande landsbyar.[7]
I 1981 fekk Karmiel Beautiful Israel-prisen og Kaplan-prisen. Karmiel fekk bystatus den 20. november 1986. Den første borgarmeisteren var Baruch Venger, etterfølgd av Adi Eldar, som har hatt stillinga fram til i dag. Kring 18 000 nye emigrantar har slått seg ned i Karmiel mellom 1990 og 2002.
Under den andre Libanonkrigen i 2006, avfyrte Hizbollah 180 Katyusha-rakettar mot Karmiel og nabolandsbyane, noko som førte til tap av menneskeliv og øydelagde bygningar, vegar og køyretøy.[8]
Venskapsbyar
endre
|
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. oktober 2014.
- ↑ Knesset debate, 31 Jan. 1962, s. 1126-30, sitert i Jiryis
- ↑ «Removal Order for 10 000 Dunams Required to Construct Karmiel Given». She'arim. 5. mars 1963. (he)
- ↑ Knesset, 2. des. 1964, s. 486, sitert i Jiryis
- ↑ Maariv, 14 Feb., 1965, sitert i Jiryis
- ↑ Encyclopedia Judaica, Keter Publishing, Jerusalem, 1978, Vol. 10, s. 799
- ↑ «Planning of Karmiel Completed». Haaretz. 6. februar 1963.
- ↑ «The den andre Libanonkrigen (2006)». Israelsk utanriksdepartement. 12. juli 2008. Arkivert frå originalen 27. september 2020. Henta 13. oktober 2014.
- ↑ «New sister city». Pittsburgh Post-Gazette. May 23, 2006. Henta 13. oktober 2014.[daud lenkje]
- ↑ «Karmiel, Israel — Overview». Denver Sister Cities International. Henta 24. august 2012.
- ↑ «Metz en visite à Karmiel». City of Metz. 17. august 2009. Henta 13. oktober 2014.
- ↑ «Må styrke Hamars internasjonale vennskap». hamar-dagblad.no. 13. oktober 2014. Henta 13. oktober 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Karmiel» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Jiryis, Ṣabrĭ (1976). The arabarar i Israel. New York : Monthly Review Press. ISBN 978-0-85345-377-2.
- Karmiel Municipality (1976). Karmiel — From One Decade to the Next. Ramat Gan i Israel: Peli Publishers.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Karmiel offentlege bibliotek Arkivert 2009-01-29 ved Wayback Machine.
- Lokal portal Arkivert 2008-10-17 ved Wayback Machine.
- Biletalbum