Kaura fyrstasjon

(Omdirigert frå Kaura fyr)

Kaura fyrstasjon er eit leifyr som ligg på ein holme ved innlaupet til Brandsfjorden i Kaurleia i Åfjord kommune i Trøndelag fylke.

Kaura fyrstasjon

Kaura fyrstasjon
Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren
FylkeTrøndelag
KommuneÅfjord
FunksjonLeifyr
Oppretta1931
Koordinatar64°13.8080′N 10°07.9967′E / 64.2301333°N 10.1332783°E / 64.2301333; 10.1332783
Fyrtårn
Høgd22,0
FormRaudt tårn med eitt kvitt belte
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterTo blink kvart 10. sekund
Lyshøgd30,0 moh.
Lysvidde11,1 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1959
Avfolka1959
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Kaura fyrstasjon
64°13′48″N 10°08′00″E / 64.23012°N 10.13327°E / 64.23012; 10.13327
Kaura fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Kaura fyrstasjon

Fyret står i samanheng med Vingleia og Asenvågøy fyrstasjon. Fyrtårnet er eit 22 m høgt støypejarnstårn med steinsokkel. Rett ved tårnet ligg eit betongnaust med støypt bru ut til landinga. Det opphavlege franske linseapparatet er framleis i bruk.

Kaura fyrstasjon vart bygd i 1931 som det nest siste manna fyret i Noreg. Stasjonen vart automatisert og avfolka i 1959. I bustaddelen er mange av dei originale detaljane intakt.

Fyrstasjonen er i dag eigd av Staten ved Kystdirektoratet og er freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre