Vingleia fyrstasjon
Vingleia fyrstasjon er eit fyr som ligg på Skarvflesan nord for Mausundvær i Frøya kommune i Trøndelag fylke. Namnet kjem truleg av uttrykket «leia som er utsett for vind».
| |||
Fylke | Sør-Trøndelag | ||
---|---|---|---|
Kommune | Frøya | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1921 | ||
Koordinatar | 63°54.9829′N 8°40.5009′E / 63.9163817°N 8.6750150°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 10,2* | ||
Form | Kvitt tårn med belte* | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | To okkulterande blink kvart 8. sekund* | ||
Lyshøgd | 13,8* moh. | ||
Lysvidde | 9,2* nm | ||
Status | |||
Eigar | Kystverket | ||
Automatisert | 1985 | ||
Avfolka | 1985 | ||
Vernestatus | Freda | ||
Vingleia fyrstasjon 63°54′59″N 8°40′27″E / 63.9164°N 8.67417°E | |||
* gjeld nyare tårn frå 1985. |
Fyret vart oppretta i 1921, og er ein del av fyrkjeda i øyrekka utanfor Frøya, med Sula fyr i sør, så Vingleia fyr, Finnvær fyr og lengst i nord Halten fyr.
Fyret vart avbemanna og automatisert i 1985, og erstatta av ei ny fyrlykt tett inntil det gamle fyret. Det vert i dag leigd ut som overnattingsplass i sommarhalvåret.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 412» (PDF - 15 mb). Kystverket.
Bakgrunnsstoff
endre- fyr.no
- Vingleia fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren