Kaura fyrstasjon
Kaura fyrstasjon er eit leifyr som ligg på ein holme ved innlaupet til Brandsfjorden i Kaurleia i Åfjord kommune i Trøndelag fylke.
Kaura fyrstasjon Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren | |||
Fylke | Trøndelag | ||
---|---|---|---|
Kommune | Åfjord | ||
Funksjon | Leifyr | ||
Oppretta | 1931 | ||
Koordinatar | 64°13.8080′N 10°07.9967′E / 64.2301333°N 10.1332783°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 22,0 | ||
Form | Raudt tårn med eitt kvitt belte | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | To blink kvart 10. sekund | ||
Lyshøgd | 30,0 moh. | ||
Lysvidde | 11,1 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1959 | ||
Avfolka | 1959 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Kaura fyrstasjon 64°13′48″N 10°08′00″E / 64.23012°N 10.13327°E | |||
Fyret står i samanheng med Vingleia og Asenvågøy fyrstasjon. Fyrtårnet er eit 22 m høgt støypejarnstårn med steinsokkel. Rett ved tårnet ligg eit betongnaust med støypt bru ut til landinga. Det opphavlege franske linseapparatet er framleis i bruk.
Kaura fyrstasjon vart bygd i 1931 som det nest siste manna fyret i Noreg. Stasjonen vart automatisert og avfolka i 1959. I bustaddelen er mange av dei originale detaljane intakt.
Fyrstasjonen er i dag eigd av Staten ved Kystdirektoratet og er freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 428» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Kaura fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Kaura fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren