Keeping the Faith

Keeping the Faith
Singel av Billy Joel
frå albumet An Innocent Man
Utgjeve 1984
Innspelt 1983
Sjanger Poprock
Lengd 4:41
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«This Night»
(1984)
Keeping the Faith «You're Only Human (Second Wind)»
(1985)


«Keeping the Faith» er ein song av songar-låtskrivaren Billy Joel på albumet An Innocent Man frå 1983. Han nådde 18. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og tredjeplassen på den amerikanske Billboard Adult Contemporary-lista. Songen var den einaste singelen frå albumet som ikkje nådde UK Singles Chart, trass i suksessen til An Innocent Man i Storbritannia.

«Keeping the Faith» er det siste sporet på albumet og teksten oppsummerer årsaka til Joel skapte albumet, som er spelt inn i musikkstilen frå 1950- og 1960-åra, før Den britiske invasjonen nådde USA.

Songen vart remixa og gjeve ut som ein 7" singel. Ein lengre miks vart gjeven ut i USA på ein 12" singel (Columbia AS 1982). Begge miksane er omtalt som «Special Mix» med tida 4:44 trykt på etiketten. Den faktiske lengda er 4:52 for 7"-versjonen og 5:27 for 12"-versjonen. Ein tredje miks vart gjeven ut i plateboksen My Lives. På boksen er miksen feilaktig omtalt som 12"-miksen.

I musikkvideoen for songen ser ein Joel i ein rettssak som skal finne ut om han er uskuldig og «keeping the faith» (medan songen «An Innocent Man» spelar i bakgrunnen.) Publikum i rettssalen er folk frå 1950-åra på eine sida og 1960-åra på den andre sida (inkludert ein som liknar på Jimi Hendrix). Joel syng og dansar gjennom heile videoen. Richard Pryor har ei lita rolle i starten av videoen. Den seinare kona til Joel, Christie Brinkley, er òg med mot slutten av videoen.

Bakgrunn endre

Songen er sett til 1980-åra og songaren minnast livsstilen i 1950-åra. Joel listar opp mange ting frå den tida, som Lucky Strike-sigarettar, chino-bukser, Sen-Sen-mynte, Trojan-kondomar og Old Spice etterbarberingsvatn, og mange motestilar som var vanleg på den tida. Songen handlar òg om musikken som var vanleg i 1950-åra («I'm going to listen to my 45s»). Samstundes set Joel spørsmålsteikn ved å vere for sentimental når det gjeld fortida og syng «The good old days weren't always good./ And tomorrow ain't as bad as it seems».

Lister endre

Liste Plassering
Canada[1] 81
New Zealand 38
U.S. Billboard Hot 100 18
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 3

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre