Opna hovudmenyen
An Innocent Man
Singel av Billy Joel
frå albumet An Innocent Man
B-side «I'll Cry Instead» (live)
Utgjeve Desember 1983
Sjanger poprock, softrock
Lengd 5:17
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
«Uptown Girl»
(1983)
An Innocent Man «The Longest Time»
(1984)


«An Innocent Man» er ein song frå 1983 av Billy Joel og den tredje singelen frå albumet hans, An Innocent Man.

Songen, som er skriven som ei musikalsk hyllest til Ben E. King og The Drifters, nådde 10. plassen på Billboard Hot 100-lista, den tredje topp 10-singelen på rad frå albumet.[1] Han låg òg ei veke på toppen av Billboard adult contemporary-lista.[2]

Joel skildra songen i 1997 og ein av dei høge tonane han song under songen: «Eg hadde ein mistanke om at det var siste gongen eg kom til å klare dei høge tonane, så kvifor ikkje gje alt ein siste gong? Det var slutten for Billys høge tone».[2]

ListerEndra

Liste (1983) Plassering
Australia 23
Canada[3] 16
Irland 3
New Zealand 24
UK Singles Chart 8
US Billboard Hot 100 10
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 1

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications)
  2. 2,0 2,1 Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications)
  3. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 11. januar 2012. 

BakgrunnsstoffEndra