Keith Christmas
Keith Peter Christmas (fødd 13. oktober 1946) er ein engelsk songar og låtskrivar. Han gav ut det første albumet sitt, Stimulus, i 1969. Han spelte akustisk gitar på David Bowie-albumet Space Oddity og spelte på Glastonbury-festivalen i 1970.
Keith Christmas | |||
| |||
Fødd | 13. oktober 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | Keith Peter Christmas | ||
Opphav | Wivenhoe i Essex | ||
Aktiv | seint i 1960-åra til i dag | ||
Sjanger | Folkrock | ||
Tilknytte artistar | Mighty Baby | ||
Plateselskap | RCA Victor, B & C, Manticore, Apple | ||
Verka som | songar-låtskrivar |
Gjennom 1970-åra gav han ut fire album til, Fable Of The Wings, Pigmy, Brighter Day og Stories From The Human Zoo, medan han turnerte med og spelte som oppvarming for band som The Who, King Crimson, Ten Years After, Frank Zappa, Roxy Music, Hawkwind, Captain Beefheart og The Kinks.[1]
Andre musikarar han har medverka på innspelingane til er Mighty Baby, Pat Donaldson, Keith Tippett, Gerry Conway, Shelagh McDonald, Rod Argent, Peter Sinfield, Greg Lake, Mel Collins, Cat Stevens og Michael Boshears.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Keith Christmas» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: