Faces var eit engelsk rockeband skipa i 1969 av medlemmane i Small Faces etter at songaren og gitaristen Steve Marriott slutta i gruppa for å skipe Humble Pie. Dei attverande medlemmane i Small Faces — Ian McLagan (klaverinstrument), Ronnie Lane (bassgitar) og Kenney Jones (trommer og perkusjon) — fekk med seg Ronnie Wood (gitar) og Rod Stewart (solovokal), begge frå The Jeff Beck Group, og den nye besetninga fekk namnet Faces.

Faces

Gruppa i 1970 (venstre til høgre: Lane, McLagan, Stewart, Wood og Jones)
OpphavLondon, England
Aktiv1969–1975, 1986, 1993, 2009–2015
SjangerRock, bluesrock
Tilknytte artistarSmall Faces, The Jeff Beck Group, The Rolling Stones, The Who
PlateselskapWarner Bros., Mercury
Tidlegare medlemmerKenney Jones
Ronnie Lane
Ian McLagan
Rod Stewart
Ronnie Wood
Tetsu Yamauchi
Jesse Ed Davis
Mick Hucknall
Glen Matlock

Historie endre

Det første samarbeidet mellom det framtidige Faces var i ei gruppe kalla Quiet Melon, der den eldre broren til Wood, Art Wood, og Kim Gardner og var med. Dei spelte inn fire songar og heldt nokre konsertar i mai 1969 under ein pause for Ronnie Wood og Rod Stewart med The Jeff Beck Group.[1][2] Seinare på sommaren slutta Wood og Stewart med Beck og vart med i bandet til Lane, McLagan og Jones på fulltid.[3] Før Faces gav ut noko som helst, spelte Wood og McLagan på det første soloalbumet til Stewart i 1969, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down (kjend som The Rod Stewart Album i USA). Resten av bandet på albumet bestod av trommeslagaren Micky Waller, klaverspelaren Keith Emerson og gitaristane Martin Pugh (frå Steamhammer, og seinare Armageddon og 7th Order) og Martin Quittenton (òg frå Steamhammer).[4]

Med Wood og Stewart i bandet, vart «Small» fjerna frå bandnamnet, delvis fordi dei to nykomarane var mykje høgare enn dei tre andre medlemmane.[5] Platesjefane ønskte at bandet skulle halde på det gamle namnet, Small Faces, for å selje betre, men bandet nekta og hevda at gruppa no var heilt forskjellig frå Small Faces.[3] Som eit kompromiss vart debutalbumet deira i USA tilskrive Small Faces, medan dei nesten albuma kom under det nye namnet.[6]

Gruppa turnerte mykje i Storbritannia, Europa og USA frå 1970 til 1975, og var blant banda som tente best på konsertane sine i denne perioden;[7] i 1974 spelte dei òg i Australia, New Zealand og Japan.[1] Blant dei mest sukessrikesongane deira var «Had Me a Real Good Time», gjennombrotet deira i Storbritannia med «Stay with Me», «Cindy Incidentally» og «Pool Hall Richard». Etter kvart som solokarrieren til Rod Stewart vart meir suksessrik enn gruppa, vart bandet overskugga av frontmannen sin.[3] Ronnie Lane slutta i bandet i 1973;[3] og sa at ei av årsakene til at han slutta var at han ikkje fekk høve til å syngje på songane deira.[8]

Tetsu Yamauchi (som hadde erstatta Andy Fraser i Free) tok over på bass. Det siste albumet til Faces, Ooh La La, kom ut berre månader før bandet vart oppløyst.[3]

Året etter kom det ut eit konsertalbum, kalla Coast to Coast: Overture and Beginners; det vart kritisert for dårleg lyd og at det var lite gjennomtenkt.[9] Det inneheld songar frå turneen deira seint i 1973, den første med Yamauchi.[9][10] Dei spelte inn eit par songar for eit nytt studioalbum, men hadde mista mykje av entusiasmen og den siste utgjevinga deira var singelen «You Can Make Me Dance, Sing or Anything» i 1974. I 1975 vart Wood medlem av The Rolling Stones, som førte til at skilnadane mellom Stewart og dei andre i bandet auka, og etter ei trøblete turné i USA den hausten (med Jesse Ed Davis på rytmegitar), annonserte bandet i desember at dei la opp.

Etter Faces endre

Etter Faces vart Wood med i The Rolling Stones som fulltidsmedlem. Lane skipa Slim Chance og hadde ein beskjeden solokarrieren som enda tidleg då han fekk multippel sklerose og han arbeidde òg på eit album med Who-gitaristen Pete Townshend, Rough Mix.[11] Jones vart med i The Who etter at Keith Moon døydde.[12] McLagan sa i eit intervju at Townshend hadde spurt han òg om han ville bli med i The Who, men han hadde alt lova Keith Richards om å bli med på ein turné med Rolling Stones som ekstra musikar. McLagan flytta til USA der han skipa Ian McLagan & the Bump Band.[13] Tetsu Yamauchi flytta attende til Japan, der han spelte og turnerte som jazzmusikar. Solokarrieren til Stewart vart særs suksessrik.

The Faces kom saman att for ekstranummer på ein konsert av Rod Stewart på Wembley Stadium i 1986. Ronnie Lane, som då leid av multippel sklerose, var på scenen og song i rullestol, men kunne ikkje spele bass. Bill Wyman frå The Rolling Stones erstatta han. Den same besetninga (utan Lane) spelte igjen i 1993 då Rod Stewart fekk æresprisen av Brit Awards. Ronnie Lane var siste gongen på scenen under ein konsert med Ronnie Wood i 1992. Lane døydde i 1997.

 
Bandet i Royal Albert Hall, oktober 2009

Den 18. november 2008 kom Rod Stewart, Ron Wood, Ian McLagan og Kenney Jones saman att, i lag med bassisten til Rod Stewart, Conrad Korsch, for ei øving for å «sjekke at dei framleis kunne dei gamle songane»[14] og ein offisielle gjenforeining vart annonsert på heimesida til bandet same månaden.[15] Det vart derimot ikkje halde nokre konsertar,.[16]

25. oktober 2009 spelte Faces i lag, utan Rod Stewart, for Performing Rights Society's Music Members' Benevolent Fund i Royal Albert Hall i London.[17] Mick Hucknall erstatta Stewart og Bill Wyman spelte bass for den avdøde Ronnie Lane.[18] 25. mai 2010 vart det annonsert at Faces var offisielt gjenforeint med Hucknall på vokal og Glen Matlock frå Sex Pistols på bass.[19] Bandet spelte på fleire festivalar i 2010 og 2011.[20]

The Small Faces/Faces vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2012.[21][22] Ian McLagan døydde 3. desember 2014.

Rod Stewart, Ronnie Wood og Kenney Jones heldt ein kort konsert for eit veldedig føremål den 5. september 2015, og sidan på ein privat fest i høve 70-årsdagen til Stewart[23]

Medverkande endre

Tidslinje endre

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Zentgraf, Nico. «Woodworks 1957–1975». Arkivert frå originalen den 19. mars 2008. Henta 29. mai 2018. 
  2. Perrone, Pierre (6. november 2006). «Obituary: Art Wood: Frontman of the Artwoods». The Independent. Arkivert frå originalen den 3. april 2008. Henta 29. mai 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Erlewine, Stephen Thomas. FacesAllmusic. Henta 1. juni 2014.
  4. «The Rod Stewart Album by Rod Stewart | 731455805826 | CD | Barnes & Noble». Barnesandnoble.com. 31. mars 1998. Arkivert frå originalen den 10. november 2014. Henta 29. mai 2018. 
  5. McLagan, Ian (2000). All the Rage (revised edition). Pan Books. s. 153. ISBN 0-330-37673-X. 
  6. The Definitive Rock Collection, Rhino Records, 2007
  7. Wall, Mick (May 2007). «A Walk Through the Wood». Classic Rock (Future Publishing Ltd.). s. 58–63. 
  8. «Five Guys Walk into a Bar ...». Rhino Records. July 2004: 46. 
  9. 9,0 9,1 Thompson, Dave. «Coast to Coast: Overture and Beginners – Faces». AllMusic. Henta 29. mai 2018. 
  10. Liner Notes for «Overture and Beginners»
  11. «Pete Townshend & Ronnie Lane - Rough Mix». Discogs.com. Arkivert frå originalen den 16. oktober 2015. Henta 29. mai 2018. 
  12. Prato, Greg (16. september 1948). «Kenney Jones». AllMusic. Henta 29. mai 2018. 
  13. McLagan, Ian. «Mac's Pages». Arkivert frå originalen den 8. mars 2008. Henta 29. februar 2008. 
  14. «THE FACES, WITH ROD STEWART, TO START REHEARSALS ...». GUARDIAN (Storbritannia). Arkivert frå originalen 9. januar 2009. Henta 13. november 2008. 
  15. «THE FACES OFFICIAL REUNION WEBSITE». Arkivert frå originalen den 22. januar 2009. Henta 14. november 2008. 
  16. «Rod Stewart denies Faces reunion». Newsvote.bbc.co.uk. 23. januar 2009. Henta 29. mai 2018. 
  17. WalesOnline (7. april 2004). «Rock stars to pay tribute to Ronnie». walesonline.co.uk. Arkivert frå originalen den 17. mai 2017. Henta 2. mai 2018. 
  18. Fortnam, Ian (26. oktober 2009). «Holding Back The Jeers: Hucknall Sings With Faces». Classic Rock. Arkivert frå originalen 31. oktober 2009. Henta 31. oktober 2009. 
  19. «Mick and The Faces». Simply Red. 25. mai 2010. Arkivert frå originalen den 24. september 2015. Henta 29. mai 2018. 
  20. «Hucknall named Faces new singer». Jam.canoe.ca. Arkivert frå originalen den 19. august 2013. Henta 29. mai 2018. 
  21. Greene, Andy (7. desember 2011). «Rod Stewart: 'I'll Definitely Make Myself Available' for a Faces Reunion». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 5. september 2015. Henta 29. mai 2018. 
  22. «Rock Hall Inductees 2012: Guns N' Roses, Beastie Boys Make Grade». Billboard.com. Arkivert frå originalen den 6. september 2015. Henta 29. mai 2018. 
  23. McCormick, Neil. «The Faces, Hurtwood Park Polo Club, review: 'worth the 40-year wait'». Telegraph.co.uk. Telegraph Media Group Limited. Arkivert frå originalen den 8. september 2015. Henta 6. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Faces