Kenny Gradney
amerikansk musikar
Kenny Gradney (fødd 10. april 1952) er ein USA-amerikansk bassist og låtskrivar, mest kjend som medlem av bandet Little Feat. Han vart med etter det andre albumet deira, og erstatta den opphavlege bassisten Roy Estrada i 1972.[1] Gradney har vore bassisten deira sidan den gongen.
Kenny Gradney | |||
Gradney med Little Feat, 2008 | |||
Fødd | 10. april 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Orleans | ||
Opphav | New Orleans i USA | ||
Aktiv | Sidan 1966 | ||
Sjanger | Southern rock, R&B, jazzfusion, funk, folk, swamp rock | ||
Instrument | bassgitar | ||
Tilknytte artistar | Little Feat, Delaney & Bonnie | ||
Verka som | Musikar Låtskrivar |
Sommaren 1970 spelte Gradney som medlem av Delaney & Bonnie & Friends.
I tillegg til arbeidet sitt med Little Feat, har Gradney spelt med fleire andre kjende musikarar, som Delaney & Bonnie, The Flying Burrito Brothers, Bob Weir sitt Bobby and the Midnites,[2] Jazz Is Dead, jazztrommisen Chico Hamilton, Warren Zevon, Robert Palmer, Mick Fleetwood og Carly Simon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kenny Gradney» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Biography: Little Feat». Allmusic. Henta 6. oktober 2020.
- ↑ Ruhlmann, William. «Biography: Bobby & the Midnites». Allmusic. Henta 6. oktober 2020.