Kent Gudmundsen
Kent Vidar Gudmundsen (fødd 5. mars 1978 i Harstad) er ein norsk politikar for Høgre. Han har vore vald inn på Stortinget frå Troms fylke sidan 2013, etter å ha vore vararepresentant sidan 2001. Gudmundsen var fylkesråd for utdanning i Troms 2009–2013.
Kent Gudmundsen | |||
| |||
Fødd | 5. april 1978 (46 år) Harstad kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre (1993) | ||
Yrke | politikar, selvstendig næringsdrivende, organisasjonsarbeidar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Alle verv |
|
Han har vore politisk aktiv sidan 1993. Gudmundsen har mellom anna vore nestleiar i Harstad Unge Høgre 1995–1997, leiar i Troms Unge Høgre 1998–2001, medlem av Troms fylkesting sidan 1999, nestleiar i Troms Høgre sidan 2004, leiar i Tromsø Høgre sidan 2008 og medlem av Tromsø kommunestyre sidan 2011.
Han har også vore representant i Conference of Peripheral and Maritime Regions (CPMR), styremedlem i UKM Troms 1999–2004, medlem av skolestyret ved Heggen VGS 2000–2005, nestleiar i OPUS Troms FKF 2003–2006, styreleiar i Troms fylkeskultursenter FKF 2003–2006 og styremedlem i Tromsø Havn KF 2007–2010.
Gudmundsen har arbeidserfaring frå servicebransjen, omsorgssektoren og IKT-sektoren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kent Gudmundsen» frå Wikipedia på bokmål, den 15. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Kent Gudmundsens profil Arkivert 2012-11-02 ved Wayback Machine. hjå Høgre